SINTEF sin pris for framifrå pedagogisk virke ved NTNU er i år gitt professor Hans Petter Hildre ved Institutt for Maskinkonstruksjon og materialteknikk, Fakultet for maskinteknikk.
Hildre får prisen for sin inspirerande og utradisjonelle undervisning og for innsatsen sin for innføringa av problembasert læring ved instituttet. Hans pedagogiske virke er særleg knytt til faget Produktutvikling og produksjon, som gjennom det konkrete prosjektet Sykkelkonstruksjon knyter saman teori og praksis på ein god måte og lèt studentane aktivt bruke kreativiteten og skapartrongen sin.
Problembasert læring inneber bl.a. at studentane får løyse konkrete utviklingsoppgåver. Professor Hildre lét i vår dei 160 førsteårsstudentene på studieprogrammet Produktutvikling og produksjon få i oppgåve å byggje ein sykkel – frå idé til ferdig prototype. Ved hjelp av ulike sykkeldelar skulle studentane etter eige hovud setje saman ein sykkel med vindskjerm, eigna bremssystem, framdrift og styring, samt feste for ein jet-motor. Konstruksjonen måtte analyserast med PC-baserte konstruksjonsprogram før den blei bygd. Testing av luftmotstand i vindtunnel inngikk også. Studentane fekk gjennom prosjektet
nyttig erfaring i bl.a. sveising og plaststøyping. Rapporteringa frå prosjektet er lagd ut på nettet (sjå under).
Prosjektet blei avslutta like før påske med eit sykkelløp der dei ulike konstruksjonane blei sette på prøve. Hendinga blei omtalt i fleire
riksdekkjande medium.
Gjennom dette studieopplegget fekk studentane retta opp ein mangel ved studiet som dei har påpekt i lang tid, nemleg meir praktisering av det foreleste stoffet tidleg i studiumet.
Prisen blei overrakt av prorektor, professor Kathrine Skretting, i samband med immatrikuleringa av nye studentar. Prorektor er leiar for vurderingskomitéen som i tillegg til prorektor består av to av dei tre studentrepresentantane i Kollegiet.
Det var i år 8 kandidatar til SINTEF-prisen.
Faget Produktutvikling og produksjon