MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Jens besøkte data-jentene (2.11.00)

stoltenberg.jpg
Hilde Eikemo studerer biologi. Ho var ein av studentane som Jens Stoltenberg helsa på under omvisinga på Realfagbygget si mest moderne datalesesal. Men det er ein sal som datajentene statsministeren hadde til lunsj, ikkje får lov til å bruke. (Foto: Rune Petter Næss)

Mange høflege smil og nokre få kritiske merknader var det då statsministeren åt lunsj saman med deltakarane i Jenter og data i Realfagbygget. Etterpå vart statsministeren vist om på ein ny og flott datalesesal - som datajentene ikkje har tilgong på.

Stoltenberg besøkte NTNU i samanheng med regjeringskonferansen i byen same dag. Vertskap for lunsjbesøket var universitetsdirektør Vigdis Moe Skarstein og rektor Emil Spjøtvoll. Vertane valte å nytte høvet til å vise fram prosjektet Jenter og Data. Målet for prosjektet er å auke rekrutteringa av jenter til datafaga. Prosjektleiar Kristin Karlsen kunne fortelje statsministeren at i dag er 28 prosent av datastudentane jenter. Eit viktig verkemiddel er kvotering av kvinnelege studentar til datastudiane ved at jentene treng ti prosent lågare poengsum for å komme inn.

Jentekvotering i strid med EØS?
Stoltenberg understreka at desse tiltaka har hans fulle støtte. Men han spurte likevel om det kan vera i strid med EØS-reglement å kvotere jenter inn på datastudiane ved NTNU.. Karlsen seier i ein kommentar til Universitetsavisa at ho ikkje har høyrd noko om desse innvendingane før.
- Vi har aldri fått reaksjonar på at dette skulle vere i strid med eit slikt reglement. Eg håper verkeleg ikkje at det skal komme nokon EU-institusjon som øydelegg for oss. Desse tiltaka vi har tatt i bruk er svært viktige for å nå målet om fleire jenter til datafag. Vi har fått spørsmål frå den kongelege tekniske høgskulen i Stockholm om korleis dei skal få fleire jenter til sine datastudier, seier Karlsen.

Glansbilete
Camilla Fledsberg var ein av 13 datajenter som sat til bords. Fledsberg er dessutan leiar for linjeforeninga ved instituttet. Saman med medstudent Sunniva Andersen fekk dei sagt Jens nokre alvorsord på tampen av omvisinga.
- Det var ein hyggeleg lunsj, men eg kjente på meg at dette blei litt for pent og hyggeleg. Vi er faktisk i ein litt prekær situasjon her på Institutt for datateknikk og informasjonsvitenskap (IDI). Eg syntest Stoltenberg godt kunne få vite at alt ikkje er så flott som ein kunne få inntrykk av, seier Fledsberg. IDI er eit av dei institutta som ikkje får plass i Realfagbygget. Instituttet skal flytte inn i Fysikk sine gamle lokaler. Statsministeren fekk vite at han nå sto i ein datalesesal som datajentene ved IDI ikkje har tilgong på. Denne salen er for studentane ved kjemi og biologi. Etter lunsjsamlinga si lovprising av satsinga på jenter og data, synest Fledsberg det ligg ikkje så lite ironi i dette.
- Eg sa til han at det du ser nå, er det nyaste og finaste bygget på Gløshaugen og her kan ikkje vi vere. Han lurte på kvar vi har datasalen vår, og vi svarte VM-brakka og der er det ikkje så fint. Dessutan sa vi litt om Restprosjektet at det er veldig synd at vi ikkje fekk pengar til det, seier Fledsberg, som er vel nøgd med at statsministeren fekk høyra noko meir enn bare festaler.

Av Tore Oksholen