UA17: Magneten - ei kantine
(20.11.00)
Eg ser i eit innlegg i Universitetsavisa nr. 16 at personalet i Magneten får kritikk for å ha vist bort eit par personar som valte å bruke denne kantina som arbeidsplass. Etter mi meining er denne kritikken urimeleg. Magneten er ei kantine, ikkje ein plass for å gjere arbeidet sitt. Det gjeld og om arbeidet skulle slumpe til å vere av kreativ art. Når ein så vel å glatt oversjå skilting som fortel dette, så må ein rekne med å bli bortvist. (Det er foresten plassar som kan brukast til studering og arbeid like utanfor, så det er ikkje langt å gå.)
Eg for min del er av dei som av og til opplever at det kan vere vanskeleg å finne seg plass for å ete i Magneten. Og derfor er eg takksam for at personalet der gjer sitt for å sikre at kantina blir brukt til det ho er meint til. Eg har aldri opplevd personalet i Magneten som anna enn hyggelege og hjelpsame, og meiner at dei fortener takk - og ikkje kritikk - for den jobben dei gjer.
Asbjørn Sæbø
saeboe@tele.ntnu.no
|