UA18: Krise om skule vert lagt ned
(30.11.00)
- Dersom Birralee International School vert lagt ned, så er det full krise for både oss og andre akademikarforeldre, seier May-Britt Moser ved NTNU.
|
Lydia fra Ghana og Ailin fra Trondheim trivst godt i internasjonalt miljø på Birralee. Ailins mor May-Britt (t.h.) er engsteleg for skulens framtid. Foto: Arne Asphjell |
Førsteamanuensis May-Britt Moser og professor Edvard Moser ved Psykologisk institutt har ei dotter som går i første klasse på Birralee. Den internasjonale skulen har eksistert i over 25 år, og har vore mykje brukt av foreldre som av ulike grunnar ønskjer at ungane skal ha engelsk som skulespråk. Mange av foreldra er på tidsavgrensa opphald i Noreg og treng av den grunn ein skule med engelsk som undervisningsspråk. Men det finst også mange norske foreldre som vil at ungane skal få ha engelsk som hovudspråk på skulen.
Krev husleige.
Men nå kan Birralee risikere å bli lagt ned, og Ailin må finne seg ny skule. Årsaka er at Trondheim kommunes rådmann i budsjettforslaget for neste år går inn for å krevje ei årleg husleige på 800 000 kroner. Fram til nå har skulen hatt gratis tilgang på lokalar.
Men Birralee har ikkje desse pengane, forklarer konstituert rektor Barbara M. Buller. Dermed vil skulen bli nøydd til å innstille verksemda dersom forslaget vert vedteke. Rett nok blei det nyleg kjend at Høgre, Kr.f., Venstre og Sp vil støtte at Birralee får husleigekostnadene dekka frå kommunen slik at skulen vert sikra neste år. Men dette inneber ikkje ei permanent løysing.
150 unger frå 30 land.
Birralee har i dag 95 elevar frå første til sjuande klasse. I tillegg driv dei ein barnehage med 55 ungar. Også tilskotet til drifta av barnehagen vil det bli kutta i, dersom budsjettforslaget går i gjennom. I dag er det på 820 000 kroner, medan Rådmannen vil redusere det med to tredjedelar. Dette vil føre til nedlegging av barnehagen.
Skulen underviser barn heimehøyrande i til saman 30 land. Gjesteforskarar, dr.ing-studentar frå utlandet, ekspertar som er henta inn til næringslivet: Mange kjem hit saman med familiane sine. Men det er også mange norske som veljar å ha ungane sine på Birralee. May-Britt og Edvard Moser er blant dei.
Mange norske.
- Det er nok ein del akademikarar og forskarar ved NTNU og Sintef, som ønsker at barna deira skal beherske engelsk som skulespråk og dermed verta betre førebudd på å følgje foreldra når vi er gjesteforskarar ved lærestader i utlandet, seier May-Britt Moser.
- At vi har denne skulen her, gjer det lettare for oss å reise ut - og det gjer det lettare å lokke gode forskarar til Norge og Trondheim. Derfor er det krise om Birralee ikkje får fortsetje, påpeikar Moser.
- Vårt strukturelle problem er at vi ikkje kjem inn under loven om privatskular. Vi vert ikkje definert som ein livssynsskule, og har heller ikkje ein særeigen pedagogikk som til dømes Steinerskulane har, seier rektor ved Birralee, Barbara Buller. - Det er mange norske elevar her, og Birralee er ein fantastisk møteplass for barn, kor enn dei kjem i frå. Å ha denne skulen gir dei ein ekstra tryggleik som gjer det lettare for dei å gå ut i det norske samfunnet, seier Buller.
NTNU støttar.
Både universitetet og Samskipnaden støttar at Birralee må få fortsette. Rektor og universitetsdirektør skriv i eit brev til Birralee "at det er svært viktig for Trondheim at byen har en internasjonal skole som Birralee International School. Som følge av den økende globalisering av samfunnet, er den internasjonale dimensjon stadig viktigere for universitetet. Det har alltid vært viktig for kvaliteten av universitetet at vi kan rekruttere internasjonal kompetanse."
Hallvard Danielsen, informasjonssjef ved Studentsamskipnaden, seier at Birralee er særs viktig for studiebyen Trondheim.
- For at Trondheim skal være på den internasjonale arena, er det heile tilbodet som tel, presiserer Danielsen. - Kultur, friluftsliv og så bortetter. Birralee er eit viktig element i totalpakken.
tore oksholen
tore.oksholen@adm.ntnu.no
arne asphjell
arne.asphjell@adm.ntnu.no
|