UA18: Chatgruppene - ein virtuell dovegg
(30.11.00)
Samtalegruppene på Internett - dei såkalla chatgruppene - er vår tids doveggskribling, seier NTNU-forskar Vebjørg Tingstad.
|
Mange gutar deltek i chattinga utan at dei vil vedkjenne seg det, meiner NTNU-forskar Vebjørg Tingstad som tek doktorgraden på ungars bruk av samtalegrupper på internett. Illustrasjonsfoto: Tore Hugubakken |
<Iselin11Oslo>hei
<Iselin11Oslo>noen søte gutter her???
<Saddam>Turkeyma, er du svarting???
<Saddam>Du høres utrolig teit ut, Sweety!
<Sweety>du og saddam
Slik går replikkvekslinga vidare. Arenaen er www. popit.no, og Saddam har ei rekke utfall mot pakkisar og soparar parallelt med at det vert kjørt gjettekonkurranse - det vert etterlyst nokon frå Fredrikstad - ei jente på elleve år spør etter søte gutar. Ho seier i frå om at hun går, og bed dei andre helsa andre som kjem. Jentene vil starte konkurransen igjen, men Saddam bråkar fælt. "ødelegger for alle han der Saddam""ER DET INGEN HER SOM KAN KASTE HAN UT?"
"Fjortisene" dominerer.
Etter ein serie kraftige meldingar frå andre deltakarar blir Saddam borte. Konkurransen fortset. Dette er ein typisk situasjon på dei unge sine chatgrupper: Nokon prøver å føre ein diskusjon, halda konkuranser, medan bøllene bryt inn og snakkar skit i store bokstavar. Dette fortel Vebjørg Tingstad, som tek doktorgraden på ungars bruk av samtalegrupper på Internett. Ho følgde fire gutar og fire jenter i deira nettvandring. Ho kikka over skuldrene deira medan dei prata med andre på nettet. Ungane er klassiske "fjortisar"i alderen 11-14 år. Dessutan har ho følgt fleire slike nettstader over lengre tid. Tingstad deltek også sjølv i prategruppene. Nokre gonger går ho inn som forskar og stiller spørsmål. Til andre tider er ho 12-13 år gamal, anten som gut, då heiter ho "Don," eller jente og heiter "Helle."
- Det spesielle med å 'chatte' (skravle) på nettet er at du sjølv bestemmer kven du skal vere. Det er ikkje uvanleg å skifte kjønn. Mange lyg på seg nokre år ekstra, kan hende for å styrke sin eigen autoritet på nettet, seier Tingstad. Da NTNU-forskaren prøvde å gå inn som den ho er - vaksen kvinne og forskar - gjekk det ikkje alltid så bra.
- Nokre gonger vart det svært stille i chatrommet. Ungar liker ikkje at vaksne står og høyrer på kva dei driv med. Mange meinte vel at eg hadde ikkje noko der å gjere, seier ho.
Tingstad omtalar nettstaden som eit forsamlingsrom kor ungar oppheld seg. Det kan sjåast på som eit lokale kor folk stikk innom for å slå av ein prat, eller for å høyre på andre. Dei opnar døra ved å logge seg på, roper "er det nokon her," når dei går, bed dei ofte dei andre om å helse til den og den om vedkommande stikk innom.
Som stader flest kor barn og unge samlast, foregår gjerne fleire ulike aktivitetar samstundes - og det hender at ein øydelegg for kvarandre, som Saddam prøvde på før han vart jaga ut.
Ikkje bare jenter.
Chatgruppene har mykje til felles med gamle dagars dovegger - ein salig blanding av ukvemsord, filosofiske epistlar, kjærleikserklæringar, og små dialoger kor folk kommenterer kva andre har skrive.
Er det stort sett bare jenter som skravlar på nettet?
- Det er jo gjerne slik ein ser føre seg at det er. Det er nok ein klar tendens til at gutane driv på og bytter spel og slikt, medan jentene samtalar og lager eigne heimesider. Men mine observasjonar tyder på at det er mange gutar som deltek i chatting - ein god del gjer det utan at dei vil vedkjenne seg det, seier Tingstad. Dei virtuelle samtalegruppene er ein arena kor unge kan prøve ut seg sjølve gjennom å velje ulike typar personlegdomar.
- Det kan godt vere tre jenter som lagar ein felles person, kor dei tek augefargen til den eine, håret til den andre og kleda til den tredje. Poenget er at ein må velje ein profil for å få delta. Dette tvingar ungane til å reflektere over kven dei vil vere, seier Tingstad.
Vern mot dei skumle.
På den andre sida lærer ungane å verne seg sjølve.
Ein tilfeldig tur innom chatgruppa ein føremiddag før jul ser vi denne replikkvekslinga:
<Tøffen>hvor i Oslo bor du
<hotbabyes>ja
<rent-boy2>JEG
<lasse>hallo
<mario>i byen
Mest sannsynleg er "Tøffen" sitt spørsmål heilt uskuldig. Men ein veit aldri. Ein veit at pedofile bruker samtalegruppene til å komme i kontakt med mindreårige. Redaktørane av denne diskusjonsstaden åtvarar i klare ordelag deltakarane mot å gi frå seg namn eller adresse. I så måte reagerer dei andre eksemplarisk på Tøffen sitt spørsmål.
Tingstad meiner at vaksne ikkje bør vere einsidig opptekne av farene ved chatgruppene.
- Det ligg mykje fantasi og konsentrasjon bak samtaleverksemda til mange ungar. Ungane erobrar eit slags offentleg rom kor dei kan prate, ha det moro og bli kjent med andre på tvers av geografiske avstandar, seier Vebjørg Tingstad.
tore oksholen
tore.oksholen@adm.ntnu.no
|