UA19: Ynskjer meir handfast kunnskap
(18.12.00)
Ola Listhaug (øverst) er professor i statsvitskap ved Institutt for sosiologi og statsvitskap. Han granskar folks politiske åtferd og endringane av grunnleggjande livsverdiar over heile verda.
|
Om styresmaktene ynskjer å forbetre samfunnet, og at vi meiner det er mogleg, treng dei kunnskap om samanhengen mellom årsak og verknad. Spørjeundersøkingar er ein måte å få greie på folk sine val og verdiar på. Foto/montasje: Gorm Kallestad/NTNU-Info. |
- Kanskje nokre fysikarar, kanskje nokre til i matematikk kan peike ut eitt spørsmål, eitt bevis. I samfunnsvitskap og humanistiske fag tviler eg på at det er så mange som vil kunne peike på eitt enkelt spørsmål, konstaterer Listhaug raskt, og nemner ei mogleg forklaring: - I mange tema for forsking har vi verken modellar eller data som er gode nok til å gi svar på viktige spørsmål, seier han, og gjev seg i kast med tre hovudområde der han meiner samfunnsforskarar kanskje kan skjerpe seg.
Kausalitet og eksperiment.
- Det første eg har tenkt på, er påstandar om samanhengar mellom årsak og verknad. I samfunnsvitskap er ikkje det heilt enkelt. I naturvitskapen nyttar dei eksperiment for å isolere ein einskild faktor for å finne samanhengen mellom årsak og verknad. Samfunnsvitskapen burde gå lenger med omsyn til den eksperimentelle forskinga, nettopp for å kunne slutte noko om årsak og verknad. Da er det to typar eksperiment eg meiner vi kanskje burde ha jobba meir med. Det eine er policy-eksperiment. Når samfunnet set i verk tiltak, ser vi på om tiltaket fungerer som det skal. Eit eksempel er arbeidsmarknadstiltak. Kjem personer som er arbeidslause, inn i arbeid raskare og får dei betre jobbar enn dei som ikkje får nokre tilbod om opplæring? Så er spørsmålet: Skuldast ein mogleg effekt sjølve arbeidsmarknadstiltaket? Eg trur at når det gjeld offentleg politikk, så burde ein sjå om det er mogleg å lage slike policy-eksperiment oftare enn ein gjer i dag, seier Listhaug.
Den andre typen eksperiment er meir lik laboratorie-eksperiment, som Listhaug trur samfunnsforskinga med fordel óg kunne bruke meir av: - Eitt område som eg håper at vi her på instituttet og kan komme i gang med, er forsking på dei verknadene som TV og video har på folk, seier han. Den type forsking planlegg vi nå i samband med neste stortingsval. I Noreg er dette ganske lite påakta, men i USA har ein hatt ei omfattande eksperimentell medieforsking, også innanfor politisk forsking, opplyser Listhaug.
Listhaug peiker her på dei store problema ved å gjere meir representative utval av forsøkspersonar: - Ein trekkjer ofte utvalet frå ein studentpopulasjon. Med betre utval trur eg at forskinga kunne seia noko meir stringent om samanhengane mellom årsak og verknad.
Eit tredje område der samfunnsforskinga kan seie noko om desse samanhengane, er i studiet av tidsseriar: - Studiet av tidsseriar er jo velutvikla i økonomisk forsking, der ein har studert arbeidsløyse, inntekt og inflasjon, med meir, over lang tid. Innanfor sosiologi og statsvitskap får vi og etter kvart nokre interessante tidsseriar, som data frå meiningsmålingar kvar månad over mange år. Desse tidsseriane kan ein da kombinere med det som skjer i samfunnet, med både økonomiske faktorar og historiske hendingar, og sjå kva slag effektar du kan få. Listhaug nemner at slike seriar kan seie noko om til dømes partipopularitet og leiarpopularitet. - Tidsseriane er jo dataseriar som ligg der, som det bare er å gyve laus på, seier han, men peikar samstundes på behovet for å vedlikehalde og dokumentere desse seriane.
Kva med skilnaden på kausalitet og samvarians?
- Svært mykje av samfunnsforskinga handlar om ting som endrar seg samstundes (samvarians), utan at dei dermed heng saman som årsak og verknad (kausalitet). Med tverrsnittsundersøkingar går ein inn på berre eitt punkt, men får ikkje godt grunnlag for å seie noko om årsak, og det er jo helst årsak ein vil seie noko om, seier Listhaug. - Sjølv om ein har velutvikla såkalla multivariate modellar, så kjem ein ikkje langt nok i den type forsking. (Multivariate modellar skil ut verknaden av einskilde faktorar når mange faktorar endrar seg samstundes.)
Globale verdiendringar.
I samanheng med tidsseriane kjem Listhaug og inn på si eiga forsking på globale verdiendringar over lang tid, og på dei to hypotesane om aukande verdsleggjering (sekularisering) og aukande likskap mellom verdisystema (konvergens): - Er det slik at avstanden mellom verdisystema i landa vert mindre etter kvart som du får meir kommunikasjon og færre barrierar for kommunikasjon mellom landa? spør Listhaug. Han trur sjølv at hypotesen om konvergens står ganske sterkt. Det bygger han på at når du får meir kommunikasjon, meir handel, meir sams TV-sendingar, meir turistmobilitet og andre former for personflytting mellom landa, så bryt det ned skilnadene mellom ulike kulturar og verdiar. - Om det skjer, kor raskt det skjer, og kva for del av verdssamfunnet det skjer raskast i, det er jo spørsmål som den empiriske forskinga kan gje svar på, konstaterer han.
Dette er truleg eit felt verdiforskar Listhaug kunne tenkt seg endelege svar på, men han peiker nøkternt på dei prosessane som krevst for å finne desse svara: - Metodikken her er jo representative intervju-undersøkingar av folka i så mange av verdas land som mogleg, over lang tid, gjerne 30-40-50 år. Han dreg óg fram eit anna moment: - Dette er jo forsking med nytteverdi, hevdar han. - Når land skal samarbeide og verksemder etablere seg, så bør dei kjenne terrenget, og vite omtrent kvar utviklinga går. Han er og overtydd om at ein bør følgje med i den innverknad internettet har, og helst over lang tid.
- Ein kan spekulere omkring det her, men når det gjeld forsking bør ein i tillegg til å spekulere også teste; teste modellane sine, og teste spekulasjonane med harde data. Det må vi gjere mykje meir av. Vi må få fram og halde ved like data for langsiktig forsking som kan gje nye svar, er hans klare sluttsats om moderne samfunnsforsking.
Da står vi berre att med spørsmålet om det er noko ein ikkje kan forske på?
- I samfunnsforskinga, som i medisinsk eksperimentell forsking, vil ein jo komme inn på nokre etiske spørsmål, seier han, og peikar på ei side ved forskinga som mogleg etisk betenkjeleg: - Kven kan fordele individ til respektive eksperimentell gruppe og kontrollgruppe? Han dreg fram eksemplet med arbeidsmarknadstiltak, og spør om ein forskar suverent kan avgjere kven som skal få tiltak og kven ikkje, berre for å dekkje dei statistiske krava i ein matematisk modell, utan omsyn til dei individa det her gjeld? Han peikar óg på at det kan verta store kostnader knytte til bruk av statistisk ideelle utval, og rundar av med å peike på at det er ei grense samfunnsvitskapen har sams med andre vitskapar: - Det kan óg ofte være reint praktiske problem som gjer at det ikkje er mogleg å realisere slike gode eksperiment.
mentz indergaard
mentz.indergaard@adm.ntnu.no
|