Studentar som vel to 10-vekttalseiningar det fjerde året i lærarutdanninga, må ikkje lenger ta engelsk som eitt av dei. Dette foreslår Regjeringa i Stortingsmelding nr. 21 (2000-2001) Styrt val i fjerde studieåret i allmennlærarutdanninga som passerte statsråd torsdag.
Ordninga med styrt val vart innført etter at Stortinget handsama lærarutdanningsmeldinga i 1997.
Statsråd Trond Giske seier at bakgrunnen for framlegget blant anna er dei synspunkta han fekk etter at det i haust vart gjennomført omfattande høyringar om lærarutdanning med både studentar og fagpersonar. – Det er viktig å gi studentane reell valfridom det fjerde året. Ei kartlegging som er gjennomført av Nasjonalt råd for lærarutdanning viser at ordninga med styrt val kan ha uheldige konsekvensar for fagtilboda ved institusjonar som tilbyr lærarutdanning. Difor foreslår vi denne endringa no, seier Giske i ei pressemelding.
Noregsnettrådet vil organisere ei evaluering av førskole- og allmennlærarutdanninga og praktisk-pedagogisk utdanning. På bakgrunn av evalueringa og den komande meldinga om høgre utdanning, vil departementet i 2002 leggje fram ei eiga melding om lærarutdanning.