MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

UA1/2001: På gjenblåste stier (30.1.01)

Dragvoll i romjula - sjølv kjøttmeisene held kjeft når gradestokken kryp ned mot tjue minus. Her er så kaldt at det går ikkje an å bli forkjølt ein gong.

Filosofane på Dragvoll har ikkje ein gong eit elfenbeinstårn å gøyma seg i. I staden sit dei og myser ut på snaublåste, svarte grantrær. Om ein myser ekstra hardt, kan det vera at det kjem litt grønt i det svarte. Men Dragvoll i romjula er ei svart-kvit erfaring. Fargane må ein legga til sjølv. Det vert noko halvvegs over det.

Filosof i ei snaugrend - er det rart at Petter Aaslestad alltid verkar så sorgtung? Humanisten Aaslestad veit jo godt at han aldri vil få kontor her nede kor folk bur.
Humanistane skal retteleg sitja høgt oppi tårnet sitt og kikka velvillig ned på oss vanlege. Det må vera folk der nede under tårnet, mykje folk, som lurer på kva dei tenkjer der dei sit - filosofane, romanistane, historikarane, alle dei andre.
Det er ikkje noko artig å sitja opphøgd når ein sit i ein åker.
Innhylla i tekstil til langt utfor panna hastar ein og annan forbi bortetter Stripa på Dragvoll. Ingen naken hud er å sjå. Luer, skjerf og hetter dekker det meste. Ingen vender blikket opp mot lyset og det er synd, for oppå glastaket flyt ein frosen ismosaikk, den set ei aning gulfarge til det gråkvite lyset.

I eit vindauge utafor sokkelen på bygget strøymer det ut gult lys iblanda litt raudt. Det kjennest varmt, her ute. Eg lurer på korleis livet hadde vore om eg missa evna til å sjå fargane, det ville vore som ei evig natt for då ser vi bare svart og kvitt. Kan ein tenkja seg varme utan farge?

Ein eldre mann krummer ryggen medan han trykker på knottar og aukar farten på tredemølla. Vi er i styrkerommet på idrettsbygget. Metalliske, harde 'klang' romler langs veggane når vektene vert slepte ned på stativa. Her er ein allereie i gong med å driva ut dei små feittdjevlane. Julebilringar, juleappelsinlår, juleribbevommar - no skal dei vekk. Men den gamle mannen spring enno fortare. Han er mager som ein strek. Kva er det han spring i frå?
På Dragvoll slår dei av varmen på kontora og lesesalane når kontortida er over eller det ikkje er vanlege arbeidsdagar. Kulde har ingen farge. På lesesalane svinger leselampane seg i ein grotesk dans. Dei blunkar blygt ut mot det store kvite.
Kvitt rommar alle fargane.


Tekst og foto: Tore Oksholen
tore.oksholen@adm.ntnu.no