”War is the best university for medicine.” Med desse orda helste Røde Halvmånes leiar Fathi Arafat RiT-overlegane Øystein Nygaard og Eivind Witsø velkommen då dei stilte på jobb i Gaza City. Neste veke startar eit samarbeid om krigskirurgi.
Eit forskingsprosjekt på alternative metodar i krigskirurgi startar opp neste veke. Det dreier seg om eit samarbeidsprosjekt mellom RiT-overlegane Øystein Nygaard og Eivind Witsø ved Regionsjukehuset i Trondheim, og palestinske helsestyresmakter. Witsø og Nygaard er initiativtakarar på norsk side. Nygård arbeider ved Nevrokirurgisk avdeling medan Witsø held til ved ortopedisk avdeling.
Skyt på ambulansar
Witsø og Nygaard hadde eit korttidsopphald ved det sentrale Shifa-sjukehuset på Gaza i november i fjor. Opphaldet var organisert gjennom den norske Palestinakomiteen. Witsø og Nygaard fortalte om sine erfaringar under siste fredagsførelesinga ved RiT.
- I Palestina er helsepersonellet ein del av krigen, fortalde dei to.
– Dei såkalla ”paramedics” er dei store heltane i denne krigen. Ein paramedic er ambulansepersonell på høgt fagleg nivå. Der er desse folka som går inn i kuleregnet og hentar pasientane.
Fjernsysnbileta som gjekk verda rundt i fjor haust då far og son vart fanga i krysseld, og som enda med at guten vart drepen av israelske kuler, fekk ikkje med seg at også ein palestinar til vart skoten. Det var ein ambulansesjåfør som døydde då han kjørte inn i kuleregnet for å redde dei to.
Med tørr statistikk refererte dei to overlegane at frå og med 30 september i fjor har femti palestinske ambulansar vorte skotne på av israelske soldatar. Førre veke vart endå ein paramedic drepen då han prøvde å redda ein såra palestinar.
M-16
Nygaard og Witsø gjekk elles inn på dei medisinske sidene når det gjeld operasjon og etterbehandling av krigsofra. Tretti prosent av skotskadene er i hovudet, medan ytterlegare tretti er på bryst og mage.
– Dei israelske soldatane skyt med overlegg mot hovudet, sa Nygaard.
Israelarane bruker den amerikanskproduserte angrepsrifla M-16. Med ein utgongshastighet på 800 meter per sekund er den i grenselandet til å vere eit høghastighetsvåpen. Dei israelske soldatane bruker kopparmantla kuler. Desse ekspanderer ved anslag.
– Den kombinerte effekten av hastighet og anslag er omfattande skader, sa Nygaard og Witsø.
Kapslar inn kula
Samarbeidsprosjektet som nå vert starta opp, dreier seg om effektane av såkalla konservativ handsaming av skotskader. Medan lærebøkene føreskriv omfattande reingjering av slike skader, tving tidspress og mangel på ressursar dei palestinske legane til å avgrense seg til å reingjere såret ved inngang og eventuell utgang, og spyle igjennom sårkanalen med jod, for deretter å lukke såret. Slik vert dei fragmenta av prosjektilet som ligg att, kapsla inn i vevet. Det kan vere at dette fungerer bra, mellom anna sidan fragmenta er relativt sterile når dei treff kroppen. Risikoen for infeksjonar kan difor vise seg å vera minimale, forklarer RiT-legane.
Av Tore Oksholen