Januar 2002 blir eit nasjonalt ENØK-senter oppretta i Trondheim. Senteret får mellom 20 og 30 faste arbeidsplassar.
Oppgåvene til organet vil vera å fremja investeringar i alternativ energiproduksjon og å setja i verk tiltak som skal redusera energibruken. Omorganiseringa gjev ei klarare arbeidsdeling og ei meir heilskapleg styring av arbeidet enn i dag.
Det er tidlegare Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og dei ulike straumleverandørane som har hatt ansvaret for det nasjonale ENØK-arbeidet. Straumleverandørane vil også i framtida spele ei viktig rolle i ENØK-arbeidet, men no meir på det operative planet. Det nye nasjonale ENØK-senteret vil satse på å få lokale samarbeidparterar over heile landet.
Det er nedsett eit mellombels styre som vert leia av Ted Hanisch. Det er dette styret som i løpet av 2001 skal bestemme lokalisering i Trondheim, tilsetjingar og liknande.
– Det nye energiorganet vil gjennom ein meir effektiv organisering gje ein meir målretta satsing i energipolitikken. Trondheim er valt fordi byen har eit breitt energifagleg miljø, og det er særs viktig for at organet skal fungera godt, seier olje- og energiminister Olav Akselsen.
Av Even Gran