MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Godt naboskap gir fred? (30.3.01)

Europa har vore eit voldsinfisert naboskap i uminnelege tider. Men etter 1945 har Vest-Europa vore ein fredeleg stad. Kvifor er det slik? Det er professor Torbjørn L Knutsen som stiller dette spørsmålet på morgondagens laurdagsuniversitet. Førelesningen vert halden i Suhmhuset, og tar til klokka 10:15.

Nabostatane i Vest-Europa krigar ikkje lenger med kvarandre. Land som krigar med kvarandre er som regel naboar. Dette vert sjeldan lagt merke til når ein leiter etter årsaker til krig og fred. Kan hende godt naboskap er ein undervurdert faktor til å gi fred, spør Knutsen.

I morgondagens føredrag trekker han opp tre ulike forklaringar på kvifor vår verdsdel har vore såpass fredeleg dei siste femti åra. Den første forklaringa går på atomvåpna - landa i Vest-Europa tør ikkje krige med kvarandre fordi dei er redde for konsekvensane.

Demokrati og kapitalisme
Den andre forklaringa går på det faktum at landa i Vest-Europa er demokrati, og at demokrati ikkje krigar med kvarandre. Men det paradoksale med dette resonnementet er at nasjonar som er demokratiske heime, godt kan vere svært krigerske i utlandet. Dette er spesielt tilfelle når det gjeld stormakter som har vist imperialistiske ambisjonar.

Den tredje modellen peiker på kapitalismen som forklaring – for landa i den vestlege fredssona er ikkje berre demokrati, dei er velståande demokrati: Velstanden er eit produkt av ein kapitalistisk marknadsøkonomi. Dei er land med opne økonomiar som handlar mykje med kvarandre. Og for dei vil krig kunne vere ein katastrofe. Men igjen finst det innvendingar. Det finst døme på at autoritære, kapitalistiske nasjonar har gått til åtak på andre land som dei handlar mykje med.

Kosmopolitisk fred
Knutsen heller sjølv til ein breiare forklaring, ein som famnar både det som går på demokratisk styresett, kapitalisme (sjølv om det finst fleire typar kapitalisme) og danninga av internasjonale organisasjonar: Noko han kallar Den kosmopolitiske freden. Han legg vekt på at landa i Vest-Europa har visse, sivilisatoriske trekk sams. Dette går på religion, politisk åtferd og kultur generelt. Det handlar om gode grannar som likar kvarandre og som kjenner og forstår kvarandre.

Av Tore Oksholen