ISFiT vil få fart på Agenda 21 og reiser til FN med krav om at studentar skal takast med i det internasjonale arbeidet for berekraftig utvikling.
19. april legg norske og internasjonale deltakarar frå ISFiT fram ein rapport for Komiteen for berekraftig utvikling i FN i New York. Rapporten inneheld krav om at utdanningssamfunnet med studentar og lærarar skal takast med i det internasjonale arbeidet for Agenda 21, samt studentane sine prioriteringar for berekraftig utvikling fram mot World Summit neste år. World Summit, som vert arrangert i Sør-Afrika, skal oppsummera miljøsituasjonen i verda ti år etter miljøkonferansen i Rio de Janeiro, der lokale styresmakter vart oppfordra til å setja i gang miljøtiltak i tett samarbeid med grasrota, såkalla Lokal Agenda 21-tiltak (LA21).
Massiv støtte
Rio-konferansen plukka ut ni samfunnsgrupper som dei meinte var fundamentale for å setja i verk berekraftig utvikling - kvinner, fagforeiningar, forretningsfolk, minioritetar, forskarar og fire andre hovudgrupper. Studentane og utdanningssamfunnet mangla.
- Å få med studentane, som vil ta dei viktige avgjerdene i framtida, i det internasjonale miljøarbeidet er ein føresetnad for at Agenda 21 skal lukkast. Studentar har kunnskap og handlekraft, to eigenskapar som er naudsynte for å snu den uheldige globale miljøutviklinga, seier ISFiT-leiar Marte Lerberg Kopstad. Lerberg Kopstad koordinerer arbeidet med å få studentane inn som den tiande hovudgruppa i World Summit. ISFiT har fått positive reaksjonar på initiativet, både frå Klaus Töpfer, direktør for FN sitt miljøprogram (UNEP), utanriksdepartementet og miljødepartementet, samt dei norske student- og lærarorganisasjonane.
- Får me gehør for krava våre, vil det også stilla store krav til studentane. Mange studentar ignorerer dei globale klimautfordringane. Det nyttar ikkje å skulda på politikarane. Studentar har eit stort ansvar sjølv, seier Lerberg Kopstad.
ISFiT vil skapa eit internasjonalt nettverk der studentar over heile verda skal pressa på for å setja i verk LA21-prosjekt lokalt. I Trondheim vil studentfestivalen freista å få til samarbeida med Studenttinget og andre organisasjonar for å få fortgang i implementeringa av LA21 ved NTNU og HiST.
Laber interesse for LA21
- LA21 var dei tusen blomane som skulle blomstra. Det var berre det at hagen mangla. No står blomane i staden langs motorvegen.
Slik gjer Carlo Aall ved Vestlandsforsking opp status for LA21 ni år etter Rio-konferansen.
- LA21 rører seg med sniglefart, og interessa i Norge har vore særs variabel. Resultata av miljøtiltaka er komposthaugar og lite anna, seier miljøforskaren Aall.
Dei fyrste tre åra etter Rio-konferansen skjedde det lite med LA21 i Norge. I 1995 kom miljødepartementet på bana, men det gjekk enno tre år før den fyrste nasjonale LA21-konferansen vart halden i Fredrikstad. I dag har alle fylkeskommunane, men knapt halvparten av kommunane, slutta seg til den såkalla Fredrikstad-erklæringa, som er ei oppfordring til innsats i lokalsamfunnet for ei berekraftig samfunnsutvikling.
Av Noralv Pedersen