MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Barnehagemangel kan rasera kvinneforsking (4.4.01)

barnehage.jpg
- NTNU må endra opptaksreglane og dessutan bruka meir pengar på nye barnehageplassar, seier psykologiprofessor Audrey van der Meer som ikkje får plass til vesle Rikke (1,5) i Øvre Stokkan barnehage.

Mangel på barnehageplassar for NTNU-tilsette får fatale følgjer for kvinnelege forskarar og kan rasera forskingsmiljø og undervisningstilbodet for studentane.

- Situasjonen er særs vanskeleg, sukkar Audrey van der Meer, professor i nevropsykologi ved Psykologisk institutt, der ho står utanfor grinda til Øvre Stokkan barnehage med vesle Rikke på armen. Van der Meer og mannen hennar, som også er psykologiprofessor, har for andre gong søkt om plass til dottera si i denne einaste barnehagen NTNU-tilsette kan søkja på, men har fått avslag begge gongene. Dersom van der Meer må ta ut omsorgspermisjon, får det fatale følgjer for forskinga hennar og alle studentane og stipendiatane ho rettleier og underviser.

Dramatiske konsekvensar
Stipendiatar og post.doc.-tilsette har fyrsteprioritet på dei 27 plassane ved Øvre Stokkan barnehage, noko som har ført til at berre seks barn av vitskapleg tilsette har plass i år. Til hausten vil dette talet truleg verte redusert til to barn. Med 36 stipendiatar som kjempar om seks ledige plassar, får van der Meer og dei andre vitskapleg tilsette ikkje eingong plass på ventelista. Etter opptaket neste haust vil truleg ingen av plassane ved Øvre Stokkan barnehage gå til born av faste NTNU-tilsette. Situasjonen er endå vanskelegare for dei mange administrativt tilsette ved NTNU som har lågare prioritet enn dei vitskapleg tilsette. Sidan Audrey van der Meer ikkje får plass til Rikke i barnehagen, må ho truleg ta ut omsorgspermisjon frå i haust.

- Då vil undervisinga i basal nevropsykologi for over 200 studentar kvart semester, som eg har ansvaret for, falla vekk. Dessutan mister stipendiatane og hovudfagsstudentane, alle kvinner, rettleiaren sin, noko som vil føra til store seinkingar. Sist legg ein omsorgspermisjon forskinga mi brakk, seier van der Meer. I år har professoren fått 1,3 millionar kroner frå Noregs forskingsråd som ho ikkje får nytta dersom ho må vera heime med Rikke.
- Dette kan rasera forskingsmiljøet i nevropsykologi som det har teke mykje tid og energi å byggja opp, seier van der Meer.

- Bygg fleire barnehageplassar
- I Trondheim er det vanskeleg å få barnehageplass. Tilbodet er dårlegast for barn under 3 år. Difor hadde eg håpa på at NTNU som arbeidsgivar kunne stilla opp. At barnehagetilbodet til stipendiatar er blitt betre, er flott. Eit godt barnehagetilbod er ein føresetnad for å rekruttera kvinner til vitskaplege stillingar. Men dette må ikkje gå ut over dei fast tilsette som treng barnehageplass for ungane sine like mykje som doktorgradstudentar.

- Er det eit universitet sitt ansvar å skaffa barnehageplassar til sine tilsette?

- Ja. NTNU sysselset mange tusen og har eit arbeidsgjevaransvar for gode arbeidstilhøve for alle tilsette, ikkje berre nokre utvalde grupper. Barnehagetilbodet i dag stoggar kvinner som vil gjera karriere innafor akademia, seier van der Meer og viser til at berre tre av tjue vitskaplege tilsette ved NTNU er kvinner.

- Eg har vore i kontakt med fleire kvinneleg vitskapleg tilsette som er i same situasjon som meg. Alle er samd om at NTNU burde endra opptaksreglane og bruka meir pengar til å byggja barnehageplassar, seier Audrey van der Meer.

Ingen fleire barnehagar
- Eit universitet har ikkje ansvar for å skaffa barnehageplassar til alle sine tilsette. Å byggja ut fleire barnehageplassar har ikkje NTNU råd til i dag, seier direktør Trond Singsaas i Organisasjonsutviklingsavdelinga (OU) ved NTNU. Singsaas vil heller ikkje endra reglane for opptak i Øvre Stokkan barnehage.

- Me vurderer reglementet forløpande, men det føreligg ikkje opplysningar frå barnehagane våre som skulle tilseia regelendringar no. Det må koma fleire førespurnader enn denne eine frå Audrey van der Meer, seier Trond Singsaas.

Tekst og foto: Noralv Pedersen