Ordninga med direkte val vert nytta denne hausten også. Dette vedtok Kollegiet torsdag. Dersom det er praktisk mogleg vil ein søke å avvikle valet via e-post.
Ved førre val på rektorat og kollegium i 1998 prøvde ein for første gong ut ei ordning med direkte val på dei aktuelle kandidatane. Ein gjekk med andre ord bort frå systemet med indirekte val, kor ein stemmer på ei forsamling som peiker ut kandidatar til dei respektive styringsorgana. Kollegiet vedtok i går (torsdag) at denne ordninga skal gjelde også i år.
Valet i 1998 var eit postval. Dette medførte vesentlege utgifter til porto. Kollegiet vedtok derfor å be administrasjonen om å legge tilhøva til rette for at valet kan gjerast elektronisk. Med e-post og intranett bør det vera mogleg å gjennomføra valet med eit minimum av papirbruk, meinte kollegiemedlemmene.
Men alle ved universitetet har ikkje eigen e-postadresse. I dag gjeld dette ikring 3.000 studentar og 500 tilsette. Desse skal få moglegheit til å stemme på "gammelmåten"
Valkomité
I tillegg til valstyret vil det bli etablert ein eigen valkomité som har til oppgåve å skapa engasjement omkring valet. Komiteen skal gjera kva den kan for å få fleire kandidatar på banen, til rektorat så vel som kollegium.
Leiar for valkomiteen blir dekanus ved Det medisinske fakultet, Gunnar Bovim.
Av Tore Oksholen