MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

www.menns-forum (24.4.01)

bromseth.jpg
Nettdiskusjonar dominert av personangrep og aggressive debatteknikkar kan verka ekskluderande for mange kvinner, hevdar stipendiat Janne Bromseth. Arkivfoto: Lars Kr.Iversen

Menn dominerer stort i Internett-fora kor jobb og politikk vert diskutert. Er menn hissigare kverulantar enn kvinner? - Kvinner set nok mindre pris på ein debatt dominert av personangrep, seier stipendiat Janne Bromseth.

Diskusjonsgrupper på Internett blei danna som ein alternativ kanal kor folk kunne føra ein diskusjon på eigne premissar. Ei ny grasrotrørsle vaks fram. Det vart mogleg å få fram argumentar som elles vart ignorert. På denne måten kunne den offentlege diskursen bli meir open og demokratisk. Men det verkar som om dei fleste diskusjonslistene har ein ting sams: Dei er tungt dominert av mannlege deltakarar. Kvifor er det slik?

Kjønnsforskjellar
Janne Bromseth er stipendiat ved Institutt for tverrfaglege kulturstudier. Bromseth forskar på debattlister i Norge og Norden. Bromseth meiner at både emnet for det einskilde forum, deltakargruppa og måten det vert diskutert på, spelar inn for i kva grad kvinner deltek. - Ein ser at debattlister som er retta mot politikk eller fag og jobb, har ein sterk mannsdominans. Kvinner er meir med i diskusjonsgrupper som tek for seg dei meir private delane av daglegliva, seier ho. Typiske grupper her er støttegrupper av ulikt slag, og uformelle pratelister kor ein kan prata om det meste.

Så når menn - slik stereotypane fortel oss - helst pratar med kvarandre om politikk og jobb i det private medan kvinner talar om dei nære ting, så er det i grunnen snakk om å føra vidare den same praksisen på nettet?

- Kva kvinner og menn brukar nettet til handler om mange ting - sjølv om ein er interessert i politikk treng ein ikkje synest at det er fornuftig å prioritere å bruke tid på å diskutere dette via nettet. Medan å delta på en liste med tema graviditet når en ventar barn, gir tilgang på svært mye informasjon det ville vore vanskeleg å fått på en gang andre steder. Her finn ein dessutan store sosiale nettverk. Generelt ser eg ingen grunn til at ikkje kjønnsmønsteret vi opplever elles, langt på veg vert reprodusert på Internett.

Kverulantar?
Men dette er ikkje heile sanninga, seier Bromseth. - Dette handlar ikkje om at kvinner er uinteresserte i politikk. Det går også på at sjølve formen kan verka ekskluderande for mange kvinner, og ein del menn. Mange debattlister er dominert av personangrep og andre aggressive debatteknikkar. Spørsmålet er dermed om kvinner kjenner at dei får gjennomslag for sin måte å diskutera på.

Bromseth viser til erfaringar frå USA som tyder på at fleire kvinner blir med dersom debattleiaren spelar ei meir aktiv rolle med å styre diskusjonen.

Kan ikkje dette ende i sensur av uønskte meiningar?

- Det har vore ei generell oppfatning at slike debattfora ikkje skal styrast i det heile. Men det som då lett hender, er at nokre få menn får dominere fullstendig, meiner Janne Bromseth.

Redde for å dumma seg ut. To eksempel på fullstendig mannsdominerte, vev-baserte debattlister ved NTNU er den heilt opne ntnu.fritt-forum og ntnu-debatt. Sist nemnte er oppretta og styrast av kollegiemedlem Trond Andresen. Student Magni Onsøien er mellom dei få kvinnene som har vist seg aktiv på disse listene. Onsøien har notert seg at det har vore få debatterande medsøstre her.

- Sjølv er eg interessert i politikk og har kjent det naturleg å diskutere på denne måten. Det er noko eg har gjort i ei årrekkje.

Ekskluderande debattform
Kva trur du årsaka er til at så få kvinner er med her?

- NTNUs debattlister kan oppfattast som seriøse i den forstand at her skal det diskuterast bare eitt tema, nemleg NTNU og politikk rundt det. For mange kvinner kan debattforma på desse listene verka ekskluderande og dei er redde for å dumma seg ut. I andre fora, der emna er mindre snevre og med lausare rammer for temaval og -form, ser vi at andelen kvinner er mykje større, seier Onsøien.

Ho peiker samstundes på at det er relativt få debattantar som er aktive på desse listene.

- Kan hende har desse listene eit like stort mannsproblem som kvinneproblem, seier Magni Onsøien.

Av Tore Oksholen