Til sommaren kjem 2.800 studenthyblar til å vera kopla opp på Internett. Det er nordisk rekord.
Studentsamskipnaden i Trondheim og NTNU vil sluttføra nettoppkoplinga av alle studentbyane i byen. Mot å betala ei avgift på hundre kroner månaden får studentane fri tilgang på Internett. Dei må ikkje betala teljarskritt. Kapasiteten vert 10 eller 100 Mb/s for hver hybel, som er det same som i veggkontaktene på campusane.
Fordelinga av hyblar er slik:
Steinan: 490
Berg: 310
Moholt: 1.900
Lerkendal: 120
I tillegg kjem dei private "hybelhusa" Vold med 500 og Singaker studenthjem med 100.
Neste år skal Nedre Vollabakken etter planen stå ferdig. Her kjem 250 nettoppkopla hyblar i tillegg. Med dette kjem det totale talet opp i over 3.600. Dette utgjer tjue prosent av det totale talet på studentar, opplyser NTNUs IT-sjef Roar Aspli. Dette er rekord i Norge - og i Norden.
- I dag viser tala at rundt rekna sytti prosent av dei som er oppkopla, nyttar seg av tilbodet, seier Aspli.
Av Tore Oksholen