MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Kvervlar opp sterke kjensler (3.5.01)

nynorsk.jpg
– Plakatane er meint som språkleg førstehjelp, men om det fører til auka respekt mellom brukarane av dei to målformene, er ingenting betre, seier leiar i Studentmållaget, Marit Aakre Tennø.

"Kvervelfri rørsle" vert definert slik: Når noko flytter seg utan å kvervla rundt. Slik sett er Studentmållaget i Nidaros utan tvil ei kvervelfri rørsle. Det kan ein ikkje sei om nynorskhatarane. Nå får sistnemnde språkleg fyrstehjelp av målfolka.

Før jul i fjor vart det bråk ikring ei eksamen ved Marin hydrodynamikk, kor fjerdeklassestudentane fekk oppgåvetekster bare på nynorsk. Fjerdeklassingane meinte sjølv at dei fekk store problemer med å skjøna kva som stod der. Dei stakkars studentane hadde aldri før høyrd om "røynda" eller "kvervelfri rørsle." Dei studentane som hadde ønskje om det, fekk i ettertid tilbod om ny eksamen

Fyrstehjelp i eksamenstida
Nå går det mot eksamenstid enno ein gong. Som dei omsorgsfulle menneske mållagsfolka er, vil dei gjera sitt for at stakkars bolmålskrivande ikkje skal få øydelagd våren grunna uforståelege oppgåvetekstar.

– Vi vonar studentane slepp å oppleve dette ein gong til. Å ha eksamen er tøft nok i seg sjølv. Då er det bare rett og rimeleg at brukarar av begge målformer får oppgåvene på eige målform, seier leiar i Studentmållaget, Marit Aakre Tennø.

Evnelaus?
Mandagen som var hengde folk frå mållaget opp plakatar rundt om på Dragvoll og på Gløshaugen. Plakatane inneheld enkle og lettfattelege definisjonar på skumle og uforståelege nynorskuttrykk. Her vil ein mellom anna få veta at "i røynda" (óg eit ord som ikkje vart forstått) tyder "i virkeligheten."

Interesserte vil dessutan bli forklart kva "kjærleik" tyder – og kva det vil seia å vera "evnelaus."

Er du sikker på at mållaget ikkje har ein baktanke med dette?

– ?? Vi er mest ute etter å driva litt språkleg førstehjelp. Om dette i tillegg fører til at både bokmåls- og nynorskbrukarar får auka respekt for sine respektive målformer, så er ingenting betre enn det, seier Aakre Tennø.

Reglane
Som hovudregel skal eksamensoppgåver i andre fag enn norsk, gitt på norsk mål, liggja føre i begge målformer. I "Forskrift om målform i eksamensoppgåver står det mellom anna at "Eksamenskandidatar kan få oppgåvene på bokmål eller nynorsk etter ønske". Studiedirektør Jon Walstad seier at så langt han veit, gjeld den einaste aktuelle grunnen for dispensasjon ved vårens eksamenar, tekstar kor ein ikkje finn adekvate alternativ på nynorsk for vanskelege fagtermar.

– NTNU bryt mållova
– Eg synest det er viktig at alle studentane får oppgåvetekstar på eiga målform. Det var faktisk akkurat dette som gjorde at eg melde meg inn i Studentmållaget. Eg har fleire gonger opplevd at eg har fått tekstar som anten er på elendig nynorsk eller utelukkande på bokmål, seier Marit Aakre Tennø.

Ho hevdar at NTNU held fram med å bryta mållova. Ho meiner at utsegn som mellom anna infodirektøren har kome med, syner at universitetet ikkje tek dette alvorleg.

– Ho har nemleg sagt at ho ikkje har fått klager på at eksamenstekstar ikkje kjem på begge målformer, og tek tydelegvis dette som eit prov på at dette ikkje er eit problem, seier Aakre Tennø.

I eit intervju i Adressa frå 20. november i fjor med tittel "NTNU bryter nynorskregler" seier infordirektøren mellom anna at slike brot er meir unnataket enn regelen, og gjev vidare uttrykk for at ho for øvrig ikkje har høyrt klagar frå studentane om at det vert nytta for lite nynorsk.

Men når det faktisk er slik at det er kome få skriftlege klagar, så er det kan hende ikkje noko problem?

– Universitetet har vorte meld til politiet i både 1993 og 1994 for brot på mållova. Fleire lesarbrev har vortne sende til Universitetsavisa tidlegare, og eg talar ofte med folk som ikkje har fått eksamen på nynorsk. Kor mange klager informasjonsdirektøren har fått personleg veit eg ikkje, men at det ikkje skulle vera eit problem, syner ein komplett ignoranse for dei mange nynorskstudentane ved NTNU, tordnar leiaren i studentmållaget.

Informasjonsrådgjevar i Norsk Språkråd, Jon Grepstad, seier i ein kommentar at NTNU har fått klar beskjed om at dei bryt mållova, både når det gjeld 25-prosentkravet og når det gjeld målform i eksamensoppgåver.

Regelbrot
– NTNU braut lenge reglane om målform i eksamensoppgåver. Saka vart nemnd i Stortingsmelding nr. 13 (1997-98), som vart lagd fram i desember 1997. Vi fekk lovnad frå den dåverande universitetsdirektøren om at NTNU skulle rydde opp, og fekk inntrykk av at rutinane no var på plass. I fjor fekk vi likevel melding om at det i ein god del fag var gjort unntak frå kravet om at eksamensoppgåver skal liggje føre på begge målformer, og vi bad difor om å få tilsendt eksamensoppgåvene i dei faga der det var gjort slike unntak. Vi fekk oppgåvene i januar, men har enno ikkje hatt kapasitet til å sjå på dei, seier Grepstad.

Tekst og foto: Tore Oksholen