MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

- Kritisk plassituasjon på Arkitekt (7.5.01)

- Arealsituasjonen er kritisk, seier direktør Gunnar Parelius ved Fakultet for arkitektur, plan og biletkunst (APB).

Etter eigne reknestykke manglar fakultetet i kring 2.700 kvadratmeter. Utrekninga tek startpunkt i det fakultetet sjølv meiner er objektivt behov for areal, dersom ein skulle bygd nytt. Her har ein samanlikna seg med Arkitekthøgskulen i Oslo. Med dette som referanse treng fakultetet ikring ti tusen kvadratmeter, seier Parelius. Når ein trekkjer i frå det dei har i dag, kjem ein altså ut med ein manko på 2.700 kvadratmeter.

- Vi seier ikkje at det er dette vi må ha umiddelbart, men det er eit fruktbart utgangspunkt for diskusjon, meiner fakultetsdirektøren. Det er nå ein gong slik at nokre fag er meir plasskrevjande enn andre.

- Altfor spreidd
APB-fakultetet er i dag spreidd på åtte ulike stader. Det er uhaldbart, seier Parelius.

- Den faglege utviklinga lir på grunn av at vi ikkje får samlokalisert aktivitetane. Det at studenter og tilsette har moglegheit til å ha ein fagleg dialog gåande i og ikring aktivitetane ved fakultetet, er heilt sentralt for faget. Men for å snakka saman må ein vera fysisk på same plassen, held direktøren fram.

- Vi vert bare meir og meir spreidd. Slik det er nå, oppfattar vi situasjonen som ei krise, seier han.

Parelius meiner vidare at arealbruken er prega av at mange av areala representerer kortsiktige løysningar. Dette undergrev ei utvikling av arealbruken i tråd med ei heilskapleg læringsstrategi.

- Fakultetet har lagt saka si fram for Kollegiet, med ønskje om å få til ei meir prinsipiell diskusjon. Dette forutset at det vert utvikla eit grunnlag for avgjersle, som gjer det mogleg for kollegiet å avgjera dette på eit heilskapleg grunnlag. Vi kan ikkje sjå at Teknisk Avdeling til nå har gått skikkeleg inn i denne problematikken, seier Parelius.

- God dialog
- Vi er kjent med at fakultetet kjenner arealsituasjonen som vanskeleg. Vi har for tida ein god dialog med fakultetet der vi prøver å betra situasjonen på noko lengre sikt, seier egiedomssjef Arne Rønning. Han vil ikkje gå god for reknestykket til APB-fakultetet om at ein manglar 2 700 kvadratmeter.

- Eg kjenner ikkje grunnlaget for utrekningane, men reknar med at tala er vanskeleg å samanlikna, seier Rønning, som heller ikkje er einig i at plassituasjonen for fakultetet kan karakteriserast som kritisk. Når det gjeld utsiktene til å få samla aktivitetane, er eigedomssjefen meir imøtekommande.

- Som eg sa har vi ein god dialog med fakultetet, og noko bør vi få til. I det minste bør det vera mogleg å få aktivitetane mindre spreidd enn kva tilfellet er i dag.

Av Tore Oksholen