Ei eige retningsline for i helse, miljø og sikkerheit ved feltarbeid er utarbeidd ved NTNU. – Svært velkomen, seier underdirektør Kurt Altersskjær ved Institutt for arkeologi og kulturhistorie.
Ei eiga retningsline for HMS til bruk ved all slag reiseaktivitet i teneste er nå utarbeidd ved universitetet. Alle typar ”feltliknande” tenestereier – feltarbeid og -kurs, tokt, befaring og ekskursjonar – er omfatta av denne retningslinja.
HMS-sjef Anne Katarina Cartfjord fortel at det nye reglementet vil bli sendt ut som ei oppdatering av NTNUs HMS-handbok neste veke. I tillegg vil det bli sendt ut brosjyrar til alle fakultet og institutt til utdeling til tilsette og studentar som skal på felt. Det er fakultetsdirektørane ved arkitekt, SVT og KB som har laga det første utkastet. Det har vore på høyring i organisasjonen før utsegnene er innarbeidd og retningslina tilpassa HMS-systemet ved NTNU.
Cartfjord fortel at NTNU har opplevd at har etterlyst ei slik retningsline.
– Det har vore viktig for oss å få eintydige retningsliner når det gjelder helse, miljø og sikkerhet ved feltarbeid Det handlar dessutan om å synleggjera NTNUs haldningar og verdiar som mellom anna er at den einskilde si sikkerheit skal komme i første rekke og ingen skal ta unødige sjansar for å få gjennomført arbeidet. Det skal også gjelda når ein er ute på jobb. Vi vonar at vi slik kan få tilsette til å verte meir medvitne på tenking ikring sikkerheit når ein er ute på feltoppdrag, seier Cartfjord.
– Dessutan er det viktig å får kartlagt ulukker i slike samanhenger Feltarbeid vert nå knytta til NTNUs systematiske HMS-arbeid med rutiner for melding av ulykker slik at vi kan setta i verk førebyggjande tiltak, og ikkje minst sikre den som har vorte utsett for ulukke sine rettigheiter, seier ho.
HMS-seksjonen får med jamne mellomrom henvendingar om ting som har med dette å gjera. Eit av spørsmåla som har vore oftast framme, er rammene når ein er åleine på feltarbeid. Generelt kan ingen mot sin vilje verte pålagt einmannsoppdrag med lange daglege fråvær. Instituttleiar kan gje tillating til einmannsoppdrag. Dette vert gjort bare etter at det er funne å vera forsvarleg på grunnlag av risikovurdering, seier Cartfjord.
– Andre spørsmål vi plar få, går på førstehjelp når ein reiser langt bort, og forsikring i slike høve.
– Dette treng vi
Underdirektør Kurt Alterskjær ved Institutt for naturhistorie er svært glad for at ein nå får eit slikt reglement tilgjengeleg. Ved instituttet har ein frykta å misse oppdrag fordi ein ikkje har hatt eit slikt reglement å vise til eksterne oppdragsgjevarar.
– Vi opplevde at ein oppdragsgjevar, Statens Vegvesen, stilte krav til at vi kunne vise eit slikt reglement. Utan dette ville prosjektet ikkje kunne verte gjennomført, seier Alterskjær.
Underdirektøren seier at ein vil utarbeida eit meir detaljert reglement på instituttnivå.
– Derfor har det vore viktig for oss å ha eit generelt regelverk som vi kan ha som underlag for våre eigne reglar, seier Kurt Alterskjær.
AV TORE OKSHOLEN