"Polygraf" blir kan hende tittelen på eit nytt norsk populærvitskapeleg forlag. Det vert det første i sitt slag i Norge. Studentar ved NTNU står bak.
"Collection Que sais-je?"- kva veit eg om – heiter den franske forlagssuksessen som nå får ein norsk avleggjar. Den høyrer inn under det franske universitetsforlaget Presses Univsersitaires de France. Cand Philol og frankofil Kenneth Stoltz og cand.philol in spe Live Oftedahl, er initiativtakarar. Målet er å publisera korte, populærvitskapelege bøker over aktuelle tema. Bokserien kjem til å bestå av lavpris paperback-utgåver.
Sakprosa
Forlaget skal kan hende heite polygraf. Det er eit gammalt fransk ord som tyder ’fleirskrift’ og skal visa til at ein vil ta føre seg fag og forsking over eit breitt felt. – Polygraf er også det faglege namnet på en løgndetektor: Sidan det er sakprosa det dreier seg om, og det vi skal formidle derfor ikkje er fiksjon men "sant", kommentarar dei.
Den franske skriftserien har publisert ikring 3.600 titlar, og er svært populære, fortel Stoltz og Oftedahl. Faktisk vert serien rekna til å vera den mest populære skriftserien i verda i sitt slag. Stoltz og Oftedahl er båe studentar ved NTNU. Det er i første rekkje forskarar og akademikarar i regionen dei siktar seg inn mot. Originalmanus innan alle disiplinar – og dei skal vera kortfatta og lettfattelege. Dei to meiner det er ein udekt marknad for slik litteratur i Norge. Det populærvitskaplege magasinet "Illustrert vitenskap" går i store opplag. Men eigne bøker om folkeleggjort forsking meiner dei to er ei mangelvare her til lands.
Flytter inn i Innovasjonssenteret
Bøkene skal halda eit høgt fagleg nivå, dei skal vera lettfattelege, og dei skal vera billege i utsal. Harde krav, medgjev initiativtakarane – men dei reknar med å få det til. Med litt hjelp frå SND-fondet, der dei nå har ei søknad inne til handsaming. Dei to opnar kontor i lokala til Innovasjonssenteret ved NTNU på Gløshaugen frå i sommar.
– Vi vil gjerne kome i kontakt med folk som arbeider innafor spennande fagfelt, og som sit på i sterk trong til formidling, seier Kenneth Stoltz og Live Oftedahl.
Av Tore Oksholen