MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Konferanse om bioteknologi samla 500 (6.6.01)

bio2.jpg
Bioteknologi er eit hett tema og samla smekkful sal under konferansen ved Universitetet i Oslo. Foto: Forskingsrådet

OSLO: Stamceller frå vaksne menneske? Dette var ein av visjonane som vart lagt fram under ein stor konferanse om bioteknologi i Oslo tirsdag (5. juni). Statsministeren var første innleiar.

Om ikkje så lenge kan det bli mogleg å laga stamceller frå vaksne menneske. Dermed kan ein unngå å nytte celler frå befrukta fostre, som er forbode i Norge. Stamceller er umodne celler som kan bli til ulike typar celler eller nytt vev.

Statsministeren opna
Statsminister Jens Stoltenberg opna konferansen med å ta til orde for at Norge tek mål av seg å kartleggja laksens genom – som eit motstykke til det menneskelege genom som nyleg vart kartlagt. Ut frå sine marine tradisjonar og forskings-ressursar bør dette landet ha dei ressursar som trengst til dette, meinte statsministeren.

Forskingsrådet og dei fire universiteta gjekk tidlegare i år saman om å freista overtale regjering og storting om å satsa 300 millionar i fem - ti år på funksjonell genomforsking – FUGE. Forskingsmiljøa meiner det er overmåte viktig at denne satsinga vert realitet. Stoltenberg rosa initiativtakarane for tiltaket, men kom ikkje med konkrete utspel om pengar.

Næringsminister Grete Knutsen var med på paneldebatten som avslutta konferansen. Ho prisa tiltaket, men ville ikkje sei noko konkret om kor mykje av desse 300 millionane regjeringa kjem til å gå for. Knutsen fekk støtte av tidlegare statsråd Jon Lilletun (Kr.F.) som heller ikkje ville gå ut med konkrete tal.

Norge ligg langt bak dei andre nordiske landa når det gjeld publisering av vitenskaplege artiklar. – I Sverige har vi brei aksept for forskingas betydning. Og: vi har Nobelprisane – dei har nok meir å seia enn kva vi er klar over. vi får ikkje minst mange særs dyktige forskarar til oss, sa professor Harriet Wahlberg-Henriksson i det svenske Vetenskapsrådet.

Professor Wahlberg-Henriksson kunne mellom anna leggja fram tal over FoU-innsats per innbyggjar i Norge, samanlikna med Sverige og USA: Norge og Sverige ligg ikkje så langt bak USA (250 dollar per innbyggjar, mot 200 i Skandinavia), medan når det gjeld investering i forsking totalt så ligg Sverige og USA temmeleg likt (800, 775). Det er industrien som gjer forskjellen. I Sverige er eksportverdien av legemiddel nå høgare en for bilar, sa Wahlberg-Henriksson, som avslutta med å minna om at åtte av ti vesentlege gjennombrot i forsking skjer innafor universiteta.

Kva kan Norge læra av Danmark?
– Landet har ingen vesentlege naturlege ressursar, men vi er gode til å bryggja øl og ale opp grisar, seier visepresident Børge Diderichsen i det danske suksesskonsortiet Novo Nordisk.

Ved sidan av velbrukte vendingar som ’Meir pengar’, ’styrk grunnforskinga’ og ’strategisk satsing’, poengterte danske sterkt kor viktig det er å få tak i dei beste hovuda.

– Til den norske statsministeren har eg dette å seia: Handling tel meir enn ord. Og eg talar av bitter røynsle, sa Diderichson, som har "Dei fire M’ar" som si rettesnor – ’Mindre måling, meir midlar.’

– For å verkeleggjere nokre av bioteknologien sine enorme moglegheiter, trengst kun nokre gode pengar og kloke hovuder og framsynte politikarar. Skulle ikkje Norge vera med her? Avslutta den danske gründaren, til stor applaus frå salen.

"Den plagsame etikken"
Idrettsleiarar og foreldre som er interessert i å ta patent på idrettsgenar? Dette var ein av skrekkvisjonane professor Torleif Austad, Menighetsfakultetet, trakk fram. Austad advarte mot det "utsilingssamfunnet" ein kan få dersom gentesting ikkje får etikken med på lasset. Dette var noko også Stoltenberg kom tilbake til fleire gonger. Faren for at arbeidsgjevarar, forsikringsselskap, statlege organar og andre diskriminerer på genetisk grunnlag, var noko fleire av innleiarane kom tilbake til.

– Etikken kompliserer, men den byr også på nye moglegheiter, sa teologiprofessoren, og viste til spørsmålet om forsking på befrukta egg. – Dersom ein meiner at slike er potensielt liv så er det etisk uakseptabelt å skapa liv for så å øydeleggja det, sa han. I dag er terapeutisk kloning – at lagar befruktar egg for så å øydeleggje dei og bruka cellene i genterapi – forbode i Norge. Slik er det ikkje i til dømes USA, som ikkje har noko lovverk på området.

Morgondagens medisin
Etiske grensar kan paradoksalt nok vera med på å fremja nye innovasjonar. Det poengterte medisinprofessoren Ole Petter Ottersen. I framtida er det sannsynleg at ein vil kunne nytta andre stamceller enn dei som kjem frå befrukta egg - nemleg frå vaksne menneske. Det er nå identifisert hjerneceller son har den eigenskapen at dei kan utvikle seg til kva det skal vera.

I 1977 sa den amerikanske gründaren Ken Olson at det ikkje er nokon grunn til at datamaskinar skal inn i vanlege heimer. Dette fekk stå som eit varsko om kor skummelt det er å verte for skråsikker om framtida. Men professor Ottersen tok likevel sjansen på å nynne eit par strofer av dei vakre framtidsmelodiane: Skreddarsydd medisin, og betre forståing av årsaker og mekanismar i sjukdomslæra. Ein kan erstatta og korrigera defekte genar. Individuelle variasjonar i DNA-profil kan verta nytta til å forutseie verknader og utilsikta verknader av nye medikament.
– Dette fordrar sterkt tverrfagleg samarbeid med klinikarar, epidemiologar, genetikarar, matematikarar og mikroingeniørar, sa professor Ottersen.

Bio-butikk?
Er bioteknologi butikk eller vitskap? Svaret er vitskap. Det såg dei ut til å vera einige om, også næringslivsfolka som var framme og snakka. Men der stogga harmonien. Aina Edelman meiner at ein finn dei største problema med bioteknologi når det gjeld matproduksjon.
– Vi har tid til å forska, tid til å sikra at ein ikkje produserer farleg mat. Vi treng ikkje lata fattige unger eta a-vitaminberika ris før vi veit om den har uoppdaga skadelege verknader, sa Edelman.

- Det er områder kor bioteknologi ikkje er kontroversielt. Eg ser ikkje problem med slik forsking innan medisin og helse, men når det gjeld matproduksjon er det ting eg er kritisk til.

Rektor ved Universitetet i Oslo, Kaare Norum, minna om at etikken her også har ei økologisk side.
– Vi snakkar om medisinsk etikk her, men økologisk etikk er også viktig, sa Norum, og trakk fram oppdrettsnæringa som døme.
– Det at vi forar fisk med annan fisk er eigentleg forkasteleg. Her kan bioteknologiske innovasjonar finna løysningar for oss. Norum fekk rask reaksjon frå Edelman på dette punktet.

– Ein må ikkje tru at oppfinningar av kjappe teknologiske ressursar kan fri oss frå å ta dei vanskelege vala.

Av Tore Oksholen