Alle studentar ved universitet og høgskolar i Noreg vil innan utgangen av 2001 få det internasjonale vitnemålstillegget "Diploma Supplement". Føremålet med diplomet er mellom anna å skape internasjonal forståing om utdanning.
Det internasjonale vitnemålet skal følgje det originale vitnemålet og er berre gyldig saman med dette. Føremålet med diplomet er å gi informasjon og dermed skape ei internasjonal forståing om utdanning i det aktuelle landet og utdanning som gjeld den einskilde studenten.
I 1999 slutta Noreg seg til Konvensjon om godkjenning av kvalifikasjonar som vedkjem høgre utdanning i Europaregionen, Lisboa-konvensjonen, som tilrår å nytte Diploma Supplement.
Det er sekretariatet i Noregsnettrådet ved Informasjonssenter for internasjonal utdanning, NAIC, som har utarbeidd ein norsk mal for Diploma Supplement. Dette er tilgjengeleg på bokmål og engelsk. Utskriving av eit Diploma Supplement skal vere obligatorisk og skal skje automatisk i samband med utskriving av vitnemål for fullført utdanning.
- Det internasjonale vitnemålet Diploma Supplement er eit viktig tiltak også i høve til kvalitetsreformen for høgre utdanning, seier statsråd Trond Giske.
- Dette er eit svært positivt tiltak frå utdanningsminister Trond Giske, seier
Eirik Bogsnes, president i ANSA, organisasjonen for norske studentar i utlandet. Han trur dette vil gjere det meir attraktivt for unge frå andre land å ta utdanning i Norge.
Spørsmål om "Diploma Supplement" kan rettast til Norgesnettrådet ved NAIC, tlf. 21021863 eller 21021860, naic@nnr.no
Du finn meir om "Diploma Supplement" på NAIC sine nettsider.