NTNU og det katolske universitetet i Valparaiso, Chile, skreiv under ei samarbeidsavtale på AquaNor 2001 denne veka.
- Lat oss få meir fisk på tallerkenane ikring i landet. Det er, når alt kjem til alt, dette det handlar om.
Det sa direktør Christian Hambro i Forskingsrådet under eit arrangement ved den chilenske standen på AquaNor tidlegare i veka. Messa vert arrangert av NorFishing.
Til stades var mellom anna den norske fiskeriministeren Otto Gregussen, Chiles visefiskeristatsråd Daniel Albarrán, vår eigen rektor Emil Spjøtvoll og dekan for fakultet for naturressursar ved det katolske universitetet i Valparaiso, Gabriel Yany.
Dr. Yany representerte sitt universitet ved samarbeidsavtalen som Spjøtvoll signerte på vegne av NTNU. Rektor ved Universitetet i Valparaiso har tidlegare signert avtalen i Chile.
Dessutan vart det signert avtaler mellom følgjande partnerar:
* Norges veterinærhøgskole med Veterinary Faculty, University of Chile, Santiago
* Norges forskningsråd med "The Chilean Agency for International Co-opertaion" (AGCI) og "The Chilean Undersecretary of Fisheries." Den chilenske visefiskeriministeren, Daniel Albarrán, og administrerande direktør i Norges forskingsråd, Christian Hambro underteikna, i påsyn av fiskeriminister Otto Gregussen.
* Norske Intrafish med Fundación de Chile
av Tore Oksholen