Noko er nytt i Samfundet: Ein Aslak Sira Myhre som klappar vilt for ein Inge Lønning. Men elles var det meste som i gamle dagar.
Stemninga var gemyttleg. Vi observerte endåtil utveksling av opptil fleire smilande kommentarar mellom RV og Frp sine representantar i panelet. Og frontlinene: "Det her e' mæ mot røkla," med minister Trond Giske sine ord. Venstres Odd Einar Dørum smelte umiddelbart tilbake med at "med det usalige samarbeidet mellom Arbeiderpartiet og Framstegspartiet i studentsaker, vil eg som representant for 'røkla,' seie at studiefinansieringa vert betre dersom Ap og Frp hamnar i mindretal."
Då vart Giske sur.
Valflesk og mimring
Når dei politiske partia skal selja seg sjølve for ein storsal som er så full at folk sit i midtgangane og på golvet, må ein lata dei små bokstavane liggje att heime. Derfor slo det ikkje heilt an då Kr.Fs Knut Arild Hareide nytta fleire innlegg til å skryte over partifelle Jon Lilletun sine merittar som KUF-statsråd i Bondevikregjeringa.
Samstundes må ein vera varsam med å selja seg for openlyst. SPs Marit Tingelstad hausta berre spreidd applaus då ho proklamerte at dei går inn for rentefrie studielån. Applaus fekk derimot Ursula Evje frå Frp like etterpå. Evje slo fast at Øystein Djupedal frå SV heilt sikkert ikkje har lese heile programmet til partiet hennar.
Djupedal protesterte ikkje.
Lønning og Giske
Første halvdel av debatten vart langt på veg ein tvekamp mellom Inge Lønning og Trond Giske. Ansvaret for det låg på ordstyrar Per Jarle Hellevik, som ikkje slapp til dei andre i same grad. Aslak Sira Myhre meinte at dei to hadde hatt ordet fem og seks gonger før han slapp til for andre gong.
Giske og Lønning gjekk i tottane på kvarandre då spørsmålet kom opp om kor stor fridom universiteta skal ha. Salen fekk ein reprise på diskusjonen om Mjøsutvalet si tilråding om sjølvstyre for universiteta. – Lat universiteta sleppa fri frå stalinismen, sa Lønning, som haldt fram BI som eit organisatorisk ideal, og elles meinte at samtlege fem universitetslover han har erfart i si tid, har lidd av det same problemet: Dei gjer høgare utdanning i Norge alt for sentralstyrt og einsarta. Lønning opnar dessutan for at universiteta kan organisera seg som statlege aksjeselskap. Det fekk Sira Myhre til å ropa at "Der slapp katta ut or sekken! Høgre vil lata marknaden styra universiteta."
Lønning svarte "ja, sjølvsagt."
Pengar
Sira Myhre meinte at dersom Høgre vinn valet til hausten, kjem næringslivet til å erstatta akademikarane som styrarar av universiteta. Ein kan heller ikkje organisera seg ut av problema, meinte kandidaten frå Raud Valallianse. – Dette handlar om pengar. Dersom ein stipendiat har valet mellom å vera ved universitetet eller å vera lønna av Kværner, vel ho eller han sjølvsagt Kværner for då vert det meir pengar. Men løysinga er vel ikkje dermed å lata Kværner ta over universiteta? Meinte Sira Myhre.
– Eg skjønar ikkje kvifor Sira Myhre har så mykje imot Kværner – dei har nå vel nok problemer for tida, sa Lønning, og minna om korleis ein viss eks-fiskar frå Møre har herja med selskapet over lengre tid. – Eg høyrer at Røkke nå skal stemma på Ap. Ja, han er vel snart den einaste som har råd til det, sa Lønning.
Då lo Sira Myhre høgt og klappa med hendene over hovudet.
Spjøtvoll på vitjing
NTNU-rektor Emil Spjøtvoll hadde så ei gjestevitjing, kor Hellevik spurde han ut om arbeidssituasjonen til universiteta. Spjøtvoll sa at mange av vanskane ein slit med og som er knytta til ressursmangel, kunne vore til å halda ut dersom ein fekk meir pengar til vitskapeleg utstyr. – Mykje er bortkasta for studentane når utstyret ikkje er bra nok, sa Spjøtvoll.
Giske kvitterte med å komma med å lova meir pengar til vitskapeleg utstyr til hausten. Då vart Djupedal så sint at han prøvde å avbryte Giske gong på gong, men statsråden dura rutinert vidare på sitt. Dermed snakka båe to i munnen på kvarandre i lang tid, medan ein vonbråten ordstyrar ikkje fekk fram ein lyd.
Etter det greip Dørum ordet. Han snakka til gjengjeld så høgt inn i mikrofonen at fleire i frå salen prøvde å hysja på venstremannen – utan effekt. Men Dørum fekk sagt at etter hans meining er det positive som er kome frå Regjeringa når det gjeld studentpolitikk, resultat av press frå Stortinget. Giske rista demonstrativt på hovudet.
Så vart det opna for spørsmål frå salen. Den "rutinerte møtebajas" (slik vert han omtala i Under Dusken) Øystein Mørkved frå Anarkistisk Kampfront tok til orde for statstilskot til meir øl til studentane.
Eit forslag til resolusjon vart lagt fram, om at Samfundet krev at moglegheitene til studentengasjement ikkje vert svekka gjennom at stipend skal verte gjort om til lån i tilfelle stryk. Ein ifrå salen karakteriserte resolusjonsteksten som tannlaus. Forslaget blei vedteke med 260 mot 2 stemmer, 4 fråhaldande.
Så vart det meir øl.
Av Tore Oksholen