Monica Rolfsen (Venstre) prøver alt ho kan å sjå trist ut. Ho får det ikkje heilt til.
Tysdag var inga god dag for seniorforskar i Sintef og venstredame Monica Rolfsen. Kvelden før gav valdagsmålinga bod om herlege åtte mandater på Stortinget. Og så enda dei opp med to.
Alt fordi dei fekk 2.500 stemmer for lite til å karra seg opp på fire prosent, og med det få tilgong på utjamningsmandata. Då kunne det sett heilt annleis ut - alt frå fire til åtte mandat var inna rekkevidde.
Gratulerer Vaggen Malvik
- Aller først må eg få gratulera Ingvild Vaggen Malvik (SV) med sigeren. At ho kjem inn på Stortinget er bra for NTNU, og det er bra for forskingsmiljøet i Trondheim. No har Sør-Trøndelagsbenken fått ein representant som kjenner saksfeltet vårt. Det er bra.
Men har du det bra?
Eit skeivt smil. Vi spør om noko anna.
Kvifor tapte Venstre?
- Vi har vore for lite flinke til å vera tabloid. Høgre kjørte på to saker, skatt og skule, skule og skatt. SV kjørte på kan hende tre saker. Venstre har prøvd å køyra på heilskapen i politikken. Det gav tydelegvis ikkje utteljing.
Sperregrensa
Rolfsen trur dessutan at partiet tapte på å liggja rundt sperregrensa - folk vart skremt frå å stemma på dei, meiner ho.
- Så vil eg óg leggja til at vi har hatt ein valkamp kor dei politiske sakene har vore fråverande. Valkampen har vore aktørorientert - fordi meiningsmålingane har fått lov til å tyrannisera. Dette har, som saman med ei TV-dekning prega av ei uendeleg rad debattar og 'statsministerduellar,' konsentrert merksemda om kven som skal regjera, snarare enn kva politikken skal innehalda, meiner Monica Rolfsen.
Men det vert kan hende ein dag i morgon, óg for eit parti på veg inn i skuggenes dal:
- Det kan jo vera at Odd Einar Dørum vert forskingsminister, dersom Høgre vil. Ein må aldri gje opp håpet.
Tekst og bilete: Tore Oksholen