Toyota-fabrikken skal ta i bruk ein ny type klimaanlegg for bil. Teknologien er utvikla i Trondheim.
Det er den såkalla Toyota FCEV-modellen som vil få det nye klimaanlegget installert.
Hybrid- og el-bilar
FCEV (fuel cell electric vehicle) er ein hybridbil. Det er hybridbilar og reine el-bilar som kjem til å ha mest nytte av det nye systemet for nedkjøling av lufta til kupeen. Tradisjonelle klimaanlegg tek energien frå forbrenningsmotoren. Men dersom ein skal gjere det i ein elektrisk bil, vil så mye energi bli fjerna frå batteria at køyrelengda blir redusert med 30-40 prosent. Derfor er det særs viktig å få utvikla effektive system for både nedkjøling og oppvarming av kupeen når hybrid- og el-bilar blir meir vanlege i bruk.
Meir miljøvenleg
Medan tradisjonelle klimaanlegg baserer seg på klimaskadelege, kunstig laga hydrofluorkarbonar, nyttar det nye systemet seg av karbondioksid (CO2), som er langt meir miljøvenleg, sidan det allereie fins i atmosfæren. Det særeigne med systemet er at det i ei handvending kan produsere enten kulde eller varme.
Stipendiat Armin Hafner arbeider med doktorgraden på emnet ved NTNU sitt institutt for klima- og kuldeteknikk. Førsteamanuensis Jostein Pettersen ved samme institutt har og arbeidd mykje med desse problemstillingane. Det er mellom anna desse to som har utarbeidd grunnprinsippa for det CO2-baserte klima-/varmepumpeanlegget.
Arbeidet med å sikre patentrettane skjer gjennom Sintef.
Dyrt
Den nye bilen er ikkje tilpassa ei standard norsk lommebok – nesten 700.000 kroner (USD 80.000) kjem Toyota FCEV til å koste i bilbutikken. Men det er slik ein introduserer ny bilteknologi, forklarar Hafner; Den kjem først i dyre kjøretøy som blir produsert i få eksemplar. I neste fase puttar ein så den nye teknologien i bilar for oss vanlege folk.
Av Tore Oksholen