Styret for forskingsprogrammet NUFU har tildelt 254 millionar kroner for styrking av forskingskompetansen ved universiteta i nokre av verdas fattigaste land.
- NUFU bidreg til at vi får ny og viktig kunnskap knytt til dei største og viktigaste problema utviklingsland slit med. Slikt samarbeid verkar kompetansebyggande både i utviklingsland og her heime kring nokre av dei viktigaste kunnskapsutfordringane i vår tid, seier professor Rune Nilsen, leiar for Universitets- og høgskolerådets program for utviklingsrelatert forsking og utdanning (NUFU).
Verdfull kunnskap
Nilsen trekker fram kampen mot HIV-spreiing i Tanzania og forsking knytt til ernæring, barn og helse i Uganda og Nepal som døme på gode NUFU-prosjekt. Forskingssamarbeid om datastøtta utvikling av ordbøker for talespråk i Zimbabwe og utfordringar knytt til minoritetar i Botswana og Guatemala er òg innvilga.
- NUFU er ein norsk suksess i internasjonal samanheng. Samstundes har NUFU gitt norske universitetsmiljø verdfull kunnskap og sjanse til å vera leiande i internasjonal forsking på fleire område, meiner Rune Nilsen. NUFU er finansiert med vel 60 millionar kroner årleg frå NORAD, i tillegg til omfattande eigenfinansiering frå norske lærestader.
Suksessrikt program
Dei første ti åra har vel 600 forskarar frå Sør og 400 frå Noreg delteke i samarbeidet. Det har resultert i 2662 vitskaplege dokument, medan 422 mastergradskandidatar og 121 doktorgradskandidatar til no er utdanna gjennom NUFU. Ei internasjonal evalueringsgruppe oppsummerer NUFU slik "Me oppfattar NUFU som eit suksessrikt program med imponerande resultat sett i forhold til den avgrensa eksterne finansieringa".
Til den tredje NUFU-perioden har forskarane kome med 141 framlegg om samarbeid mellom universitet, høgskular og forskingsinstitutt. Til saman er det søkt om nær ein milliard kroner innan så å seie alle vitskaplege disiplinar. Styret har no førebels gitt tilsegn om 254 millionar kroner over ein fem-årsperiode. Ein rest på vel 20 prosent er sett av med tanke på ein ny søknadsrunde neste år.
Overraskande høg kvalitet
Søknadsrunden gir ei innvilgingsprosent på 38 prosent av omsøkte prosjekt. Søknadane er prioritert utfrå institusjonane sine eigne prioriteringar der vektinga frå i Sør har talt sterkare enn dei norske. I tillegg er det gjort særlege prioriteringar i styret utfrå strategien for NUFU og tilrådingane i den internasjonale evalueringa av NUFU. Til dømes er ansvaret for minoritetsgrupper tatt omsyn til.
- Vi har fått til ei ordning der kvalitetsvurderingane og prioriteringane frå institusjonane særleg i Sør er tatt hand om. Like fullt er det mange gode forskingssamarbeid som vi ikkje har rom for. Særleg er eg uroa over den låge prioriteringa av helse og landbruk ved institusjonane i Sør, og at ein del små og marginale fag har kome dårleg ut. Vektlegging av og delegering til institusjonane har også gjeve problem i fleire land som Bangladesh, Palestina og Mellom-Amerika, kommenterer Rune Nilsen.
Krig stoppar NUFU
NUFU-styret valde førebels å stoppe fleire pågåande prosjekt med Mellom-Amerika og Dei palestinske områda grunna vanskane som har vore med forskingssamarbeidet i desse regionane. Det er nær umogleg å drive NUFU-samarbeid med institusjonar som ikkje fungerer eller i område der det er krig som i Palestina. Eitt prosjekt i Guatemala og eitt i Palestina vart innvilga ut frå særlege omsyn.
Ingen søknader frå Bangladesh vart innvilga. NUFU-styret valde òg å ikkje sette i gang samarbeid med nye land i NUFU-samanheng som Indonesia, India og Madagaskar.
Av Asle Haukaas
Nærare omtale av dei innvilga prosjekta finnast her.