Statsvitar (hovudfag) nummer hundre ved Institutt for sosiologi og statsvitskap forsvarte hovudfagsoppgåva tysdag som var.
Linda Midttun skreiv om norsk lobbyverksemd i Brussel. Ho fekk ei "strålande" karakter, i følgje professor og nestleiar ved instituttet, Anders Todal Jenssen. Midttun hadde professor Torbjørn Knutsen som vegleiar.
- Det var han som sette meg på emnet, og som skaffa midlar til at eg kunne ha eit feltopphald i Brussel, seier Midttun.
Tekst og foto: Tore Oksholen