- Universitetet må vende seg meir mot omverda, sa rektorkandidat Kathrine Skretting under onsdagens valmøte på Dragvoll: Eit åttitals tilhøyrarar på eit blodfattigt møte.
Det var ikkje lett å få auge på dei store motsetnadane mellom rektorkandidatane. Den einaste klare skilnaden kom då Kathrine Skretting nytta høvet til å ta avstand frå motkandidat Eivind Hiis Hauge sitt forslag om eit "viserektorat". Dette vil svekke rektorrolla, meinte ho.
"NTNU i Trondheim, Norge og verda" var overskrifta for valmøtet. Strategidirektør Kari Kveseth frå Forskingsrådet var beden inn for å innleie om dagens tekst.
Nasjonal arbeidsdeling
- Kva slags mekanismar skal ein etablera for å få ein rett balanse mellom drift og løn? Det trur eg er ei hovudutfordring for universiteta i dag, sa Kveseth.
Den andre utfordringa er meiir forskingsbasert verdiskaping, meinte ho. Kveseth kommenterte vidare at mykje forsking er kome i stand ut frå behovet for meir utdanning.
- Det kan ikkje lengre vera slik at det er eit 1:1 tilhøve mellom forsking og utdanning, sa Kveseth, som tok til orde for sterkare nasjonal arbeidsdeling innan forskinga.
Nettverk
Då Hiis Hauge fekk ordet nytta han høvet til å driva litt reklame for seg sjølv.
- Internasjonalt nettverk av kolleger, som har gitt meg et nettverk som er viktig for ein rektor å ha. Eg har erfaring som dekan, universitetspolitisk erfaring, sa han vidare.
Hans makker, prorektorkandidat Julie Feilberg, la vekt på at ho kjenner HF og dei frie studia godt, og at ho dessutan kjenner sivilingeniørutanninga. - Eg har dermed brei universitetspolitisk røynsle, sa Feilberg.
- Kva skal NTNU sin profil vera? Korleis skal dette universitetet utvikle ei utdanning som skil den frå tilsvarande andre universitet? var spørsmål ho trekte fram.
Stikkord ho nemnde for svar, var problembasert læring, teamarbeid og tverrfagleg utdanning.
Studentane må vera med
- Lista kan gjerast lengre. Det viktige er at studentane er med. Difor er dialogen med dei så viktig for leiinga ved universitetet, sa ho.
Hiis Hauge tok mellom anna til orde for tre viserektorar, med ansvar for kvart sitt område. Dette skal liggje i stab. Rektoratet må verte avgrensa, ha eit overordna ansvar, medan dekanmøtet får besluttande makt, meinte han. I dag er det bare rådgjevande.
Elles nemnde han ny gradstruktur, kor viktig det er å få avslutte omorganiseringa, samt å ta seg av problematikken ikring RiT 2000 og Dragvoll/Øya.-konstellasjonen.
Kvalitet
Kvalitet i forskinga er viktig, men vi må ikkje gløyme breidda i forskinga. Det er ikkje minst viktig. Dette er altså ei svært vanskeleg avveging, sa Skretting, som elles trudde at folk visste kven ho var og at det ikkje var naudsynt med meir eigenreklame.
- Vi går rett på politikken. Vår visjon er NTNU som det utadvendte kvalitetsuniversitetet, sa ho.
Studentane er viktig. Også som aktive, som initiativtakarar til fagrelaterte aktivitetar, sa Skretting, og nemnde spesielt ISFiT-festivalen som eit tiltak ho ønskjer å satsa på og utvikla vidare.
- Det er vidare viktig å få fleire studentar på opphald ved lærestader i utlandet. sa ho.
Det er eit leiaransvar å syte for at internasjonaliseringa i fagmiljøa går framover, sa ho vidare.
Venskapsuniversitet, frå den tredje verda, kan vera noko å jobbe vidare med, sa ho, og viste til at Universitetet i Oslo har palestinske Birzeit som slikt venskapsuniversitet.
Ueinige om viserektorar
Skretting er skeptisk til viserektormodellen som motkandidat Hiis Hauge har lansert.
- Den vil både verka som eit vern av rektor, og som tek i frå dekanane makt, og aukar rektors makt, sa ho.
Ingvald Strømmen nytta høvet til å tale om innovasjon.
- Fokus må vera på korleis vi får til meir forskingsbasert verdiskaping. Han berømma dessutan "Emil og den øvrige universitetsleiing" for planen "Strategi for nyskaping" som nyleg vart vedteken i Kollegiet.
- Nå gjeld det å få sett planen ut i livet, sa han.
- Det er ikkje noko gale i å vera "job taker," men det gjeld å få fleire "job makers" inn og det er noko vi vil satsa meir på.
Kandidatar til Kollegiet
Ein del namn på kandidatar til Kollegiet vart offentleggjort.
VITSKAPLEG TILSETTE:
Bjørn Hafskjold , Institutt for kjemi, KB
Gunilla Rosenkvist, Zoologisk institutt, KB
Birthe Knizek, Institutt for psykoloogi, SVT
Rigmor Austgulen, Institutt for kreftforsking og molekylærbiologi, DMF
Bjarne Foss, Teknisk kybernetikk,
Håkon With Andersen, Historisk institutt, HF
ADMINISTRATIVT TILSETTE:
Steivor Bjarghov, OU-avdelinga
Helge Gravås, SVT
Ole Martin Hansen, Maskinfakultetet
Ragnar Hergum, ET-fakultetet
Bård Kjos, FIM
Geir Lunde, Teknisk avdeling
Judith Rødsten, DMF
Tekst og foto: Tore Oksholen