Avgåande regjering har avvikla ordninga med skattefritak for heime-pc kjøpt gjennom arbeidsgivar. Men dei 320 NTNU-tilsette som gjekk inn på ordninga tidlegare i år, er trygge.
Noko av det siste avtroppande finansminister Karl Eirik Scjhøtt-Pedersen gjorde før han rydda kontoret sitt, var å stramme inn på ordninga med heime-pc. Fram til no har det vore slik at den tilsette har betalt datamaskina gjennom månadlege trekk i bruttolønna. Dersom ein har så høg løn at ein får toppskatt på nær femti prosent, fører det at prisen på maskina i realiteten vert halvert.
Innstramminga som nå er sett i verk, fjernar denne ordninga. Heretter må arbeidsgivaren sjølv betale for datamaskina, før skattefritak vert aktuelt.
Innstramminga får ikkje tilbakeverkande kraft. Dei som sendte inn bindande bestilling før tysdag 16. oktober (då innstramminga vart gjort kjend), får skattefritak. Det er ikkje nok at den tilsette har inngått avtale med arbeidsgivaren – sjølve utstyret må vera bestilt innan denne datoen.
Dermed kan dei 320 NTNU-arane som skreiv under på avtalen tidlegare i år, konstatere at dei kom med i tolvte time.
Av Tore Oksholen