Ei sprøytenarkoman jente har brote seg inn i det aller heilagste. Kva vert det av henne? Gunnhild og Karl Ruben (biletet), på andre semester grunnfag, granskar sitt innerste.
Vi er på Studiescena. Gunnhild Skredal og Karl Ruben Weseth spelar førestellinga "Ubuden gjest", fritt etter manus av Nina Walsø. Saman med Naette Moldvær, Maria Olaisen, Alf Ragnar Sand og instruktør Janna Bratli set dei opp førestellinga som ein del av eksamen ved Drama/Teater grunnfag. Dei er ein av fleire grupper som har spela slike førestellingar denne veka. Torsdag er eksamensdagen. Det er nå det gjeld.
Oppsettinga er resultat av ein seks vekers produksjonsperiode. Det er heile dette arbeidet som vert vurdert ved eksamen, fortel fagleg ansvarleg, førstelektor Vigdis Aune.
- Det er sjølve teaterproduksjonen som er vår næraste læringsmodell, og det er denne som vert evaluert, seier ho.
Teori og praksis
Aune poengterer kor viktig det er at studentane får erfaring med å kombinere teori og praksis. Derfor er andresemesteret deira organisert slik at dei først får seks veker med førelesingar, før dei startar på den like lange produksjonsperioden.
- Val av manus; regikonsept; sceneløysingar og meir til: Dette vert samla i ein produksjonsrapport som legg grunnlaget for evalueringa, seier Vigdis Aune.
Ved sida av Aune har Ellen Gjervan, Gunnar Fretheim og Edvard Rønning teke del i den faglege tilrettelegginga.
Av Tore Oksholen