NTNU sitt styre (Kollegiet) har vedteke at SVT skal bli SV. Dermed misser dei ordet "teknologileiing" i namnet. Men nå går fakultetet til kamp for T-en.
Namnediskusjonen ulmar vidare sjølv etter at Kollegiet har vedteke kva dei sju nye fakulteta bør kallast. Ved fleire av teknologifakulteta er det misnøye med dei nye namnekonstruksjonane, og tysdag fatta fakultetsstyret ved Fakultet for samfunnsvitskap og teknologileiing (SVT) enstemmig vedtak om at T-en fortsatt bør behaldast.
Kvifor er det så om å gjere å ha med "teknologileiing" i namnet, dekan Jan Morten Dyrstad?
- Det gjer synleg at vi har eit sivilingeniørstudium i industriell økonomi og teknologileiing. Dessutan vil vi vise at vi er eit samfunnsvitskapleg fakultet ved eit universitet som har teknologi og naturvitskap som hovudprofil, og at vi har eit særskilt ansvar for å kople samfunnsvitskap og teknologi.
Kvifor har ein ikkje protestert før nå?
- Men vi har diskutert dette i lengre tid! Det har vore oppe i to dekanmøter. Namn på fakultetet har vore med i dette. Eg har sjølv teke del i diskusjonen, og gjeve klar melding om kva eg meiner. Vidare tok eg opp dette spørsmålet i leiarmøtet ved fakultetet. Tilbakemeldinga var klar på at ein ikkje ønskjer namneendring, seier Dyrstad.
Men er det ikkje uheldig at ei rad fakultet har med ordet "teknologi" i namnet?
- Det kan du seie. Men det avgjerande må vere at når eit fakultet vil ha det ordet med i namnet sitt, må ein leggja stor vekt på det.
Dyrstad er kritisk til Kollegiet si sakshandsaming i denne saka. At ein der kjem fram med forslaget om å kutte "teknologileiing" i namnet som eit reint benkeforslag, trass i at fakultetet har vore einstemmig i å halda på SVT, karakteriserer han som "merkeleg."
Dekanen varslar omkamp i namnespørsmålet. - Vi vil be om at saka vert teken opp att i Kollegiet. Vi kan ikkje late oss overkøyrast, slik vi har blitt i denne saka, seier dekan Jan Morten Dyrstad.
Ekspedisjonssjef Jan S.Levy i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet (KUF) rekner med at departementet ikkje vil trenge lang tid på å handsame saken om nye namn på fakulteta ved NTNU, men han kan ikkje seie eksakt når avgjerda kjem.
Av Tore Oksholen