Sviktande brukarstøtte og manglande utstyr har ført til at ein del brukarar klager på heime-pc-ordninga. Har Itworks har gjort jobben sin?
I sommar tok 345 NTNU- tilsette imot tilbodet om heime-pc. Nå viser det seg at ikkje alt er fryd og gaman. Misnøya går mest på at det er vanskeleg å komme gjennom på telefonen til støttetenesta. Dermed får ikkje folk hjelp når dei står fast.
– Vi har fått ein del tilbakemeldingar frå folk som opplever dette problemet, seier Siw Monicha Runde ved IT-seksjonen. Ho har hatt ansvaret for heime-pc ordninga frå NTNU si side. Noko ekstakt tal på kor mange det dreier seg om, har ho ikkje.
I tillegg kjem nokre tilfelle av manglande tilleggsutstyr. Det gjeld mellom anna Almuth Gastinger, som er tilsett ved universitetsbiblioteket. Saman med mannen sin bestilte ho digitalt kamera. Men den såkalla firewire-kabelen, som koplar kameraet til datamaskina, har dei enno ikkje fått, eit halvt år etter at pc'en kom i hus.
Gastinger fortel at dei har gjort fleire forsøk på å ordne opp i det, men utan at problemet er blitt løyst.
– Vi er sint og fortvila over situasjonen som har oppstått, seier ho.
Oppseiingar i Itworks
Itworks gjennomførde tidlegare i haust ei runde med oppseiingar. Også NTNU sin kontaktperson i firmaet måtte gå. Dette er venteleg ein viktig del av årsaka til problema som har dukka opp, seier Siw Monicha Runde som opplyser at ein har bede om møte med Itworks før jul, kor ein vil rydde opp.
– Vi kjem til å stille konkrete krav om kva Itworks må gjere, utan at eg vil gå meir konkret inn på det no, seier ho.
Har Itworks gjort jobben sin så langt?
– Ingen kommentarar. Det svaret får du tolke som du vil.
– Sorry!
– På vegne av brukarstøttesenteret vil eg seie at vi er leie oss dersom brukarar opplever at vi ikkje har levd opp til forventningane, seier salsdirektør for Itworks i Trondheim, Olav J. Frøseth.
Frøseth understrekar kor viktig det er at brukarane rettar spørsmåla sine til senteret, slik at ein der kan loggføre desse og følgje dei opp vidare.
– Dersom ein ikkje gjer det, og i staden kontaktar IT-avdelinga ved NTNU eller ulike Itworks-kontor, risikerer ein at oppfølgjinga vert fragmentert og lite koordinert, seier Frøseth.
Når det gjeld kabelen til Gastinger, opplyser Frøseth at ny kabel er bestilt og vil bli levert så snart den ligg føre.
Itworks vil leggje fram ein omfattande statistikk for støttetenesta for NTNU så snart den er tilgjengeleg.
Av Tore Oksholen