Rektor ønskjer omkamp om namna på to av fakulteta. Han vil ha T'en tilbake i SVT, og han vil ha bort E'en i Fakultet for matematikk, informasjonsteknologi og elektroteknikk.
Fakultetsnamna vart handsama på førre møte i Kollegiet. Emil Spjøtvoll deltok ikkje på dette møtet. I eit brev til Kollegiet og universitetsdirektøren ber han om at namna "på Fakultet for samfunnsvitenskap" og "Fakultet for matematikk, informasjonsteknologi og elektroteknikk" vert endra.
Når Rektor går til det uvanlege steget å ta omkamp om eit allereie fatta vedtak, er det mellom anna fordi det etter hans meining ikkje er "konsistens i bruken av generiske og spesifikke betegnelser." Vidare vart det fremja mange forslag på møtet, slik at det blei lite tid til refleksjon kring dei ulike namneforslaga.
Dessutan enda debatten i ei rad avstemningar med knappe fleirtal, samstundes som tre av medlemma i Kollegiet ikkje var til stades.
Dekanus ved SV(T), Jan Morten Dyrstad, er mellom dei som vil behalde "teknologiledelse" i namnet. Han sa i førre veke at han kom til å gjere det han kunne for å få Kollegiet til å ta saken opp på nytt.
Av Tore Oksholen