NTNUs styre (Kollegiet) greidde ikkje på dagens møte å bli einig om kva ein skal gjere med fakultetsnamna. Saka er utsett til torsdag.
Det var etter initiativ frå rektor Emil Spjøtvoll at saka om kva for namn fakulteta skal ha kom opp til diskusjon på nytt. Rektor vil ha omkamp om namna på to av fakulteta - Samfunnsvitskap med eller utan teknologileiing, og Matematikk og informasjonsteknologi - med eller utan elektroteknikk.
Studentrepresentantane nytta høvet til å slå frampå om å ta opp på nytt namnediskusjonen på alle fakulteta.
Etter ein tids diskusjon kom forsamlinga fram til at ein vil tenkje på saka til i torsdag føremiddag (13.desember), og diskutere saka då.