Eit opprop mot norsk deltaking i krigen i Afghanistan har samla ikring 230 underskrifter så langt. Av professorar og amanuensar som har signert, kjem nesten alle frå Dragvoll.
Tidlegare i denne veka vart det teken initiativ til ei underskriftsliste mot at Norge skal ta del i krigføringa i Afghanistan. Regjeringa har tilbydd USA mellom anna. 100 elitesoldatar frå Forsvarets spesialkommando med trening i vinterkrig, nokre stabsoffiserar, mineryddarar, seks F-16 jagarfly, fire Bell-helikopter og eit DA-20 elektronisk krigføringsfly.
Lista er open for norske universitets- og høgskuletilsette. Tidlegare rektor ved Universitetet i Tromsø, Ole D Mjøs, og avtroppande prorektor ved NTNU, Kathrine Skretting, er mellom dei som har signert.
Rett før lunsj på fredag hadde i kring 230 skrive under. Ei rask teljing syner at 30 er professorar eller amanuensar ved NTNU. Av desse kjem 25 frå Dragvoll og tre frå Gløshaugen (to kjem frå Det medisinske fakultet).
Underskriftskampanjen vert avslutta mandag klokka 1200.
Av Tore Oksholen
Oppropet ligger på nettet.