Søtingsstoffet Aspartam drep hjerneceller, har medisinstudentar ved NTNU funne ut. Men det er usikkert kor mykje av stoffet som kjem fram til hjernen når ein drikk, eller ét produkt tilsett Aspartam.
Det er medisinstudentane Elisabeth Hetle og Arnstein Eltervaag som i hovudoppgåvene sine har undersøkt stoffet. Dei har gjort 400 forsøk med hjerneceller frå mus kor Aspartam er tilsett direkte i hjernecellene, melder fleire eksterne medier i dag.
Men det er usikkert kor mykje av stoffet som kjem fram til hjernen ved normalt konsum, kor stoffet vert suga opp i tarmen og derifrå går vidare inn i kroppen, mellom anna til hjernen. Dette bør undersøkjast vidare, meiner dei to studentane.
Det vanlegaste lett-produktet er Coca Cola Light.
? Ein bør halde seg borte frå slike produkt, ut frå ein føre-var haldning, meiner Hetle og Eltervaag.
Dette skriv Dagbladet i dag.