Øystein Sunde har prega ein heil generasjon med sin "An, auf, hinter, in…" Men tysk er meir enn preposisjonar: Nå tilbyr Germanistisk institutt norske lærarar å vidareutdanne seg i Tyskland.
Fire lærarar ved Germanistisk institutt byter på å undervise norske lærarar ved Universitetet i Trier. Dei oppheld seg seks veker om gongen i den sørtyske byen, for å undervise eit knippe pedagogar som gjerne vil lære meir av det språket dei sjølve skal undervise i – i det landet språket vert snakka.
– Dette handlar om entusiasme og motivasjon. For å få liv i språket; for å gje lærarane høve til å oppleve tysk også som kultur og folkeliv: Slik vert ein betre pedagog, seier Ingvild Folkvord og Inghild Flaate (biletet). Saman med Sturla Høyem og Inge Arnesen alternerer dei i år på undervisinga i Trier.
Vidareutdanninga har vore eit prøveprosjekt, som nå går på tredje året. Røynslene er gode, og det er sett av pengar også for neste år. Prosjektet er eit samarbeid mellom Germanistisk institutt, HF-fakultetet, NTNU-vidare og Statens lærarkurs.
Internasjonalisering
Folkvord og Flaate er full av entusiasme over prosjektet. Studentane har vore svært motiverte, og har gjort det godt ved eksamen, seier dei.
– Dei vert undervist av to tyske universitetslærarar i tillegg til den norske. Slik får vi inn ny og moderne didaktikk (undervisningslære). Studentane får møte norsk og tysk undervisning samstundes, seier Folkvord og Flaate, som ser dette som ein del av den akademiske internasjonaliseringa.
– Politikarane ønskjer at fleire tek delar av utdanninga si i utlandet. Dette prosjektet er eit svar på den utfordringa, seier Ingvild Folkvord og Inghild Flaate.
Dette året er tolv studentar i Trier. Kurset har plass til 20. Også universitetsstudentar har høve til å ta mellomfag i Trier, gjennom det norske Sokratesprogrammet.
Av Tore Oksholen