Ikring 20 NTNU-studentar oppheld seg ved lærestader i Sydney, Australia i inneverande studieår. I tillegg kjem tre studentar i nabobyen Newcastle.
Men det er fellesferie og studiefri i Australia ut månaden, og ein veit ikkje kor mange som er bortreist fram til studiestart, får vi opplyst ved Studieavdelinga. Mange er truleg på ferie i Noreg.
Minst tre studentar skal ha vore i Sydney i julehelga. Dessutan skal ein NTNU-tilsett vore i området i same tidsrom.
Til saman er det, eller har vore, 90 studentar frå NTNU i Australia i studieåret 2001/2002.
Det er ikkje kome melding om at nokre av desse, eller andre norske studentar, har vore utsett for skader i samanheng med brannane i delstaten New South Wales.
Samla er det over 3000 norske studentar i Australia. Nærare ein tredjedel studerar ved lærestader i New South Wales. Den norske studentpresten i Sjømannsmisjonen, det norske konsulatet i Sydney og ANSA (Association of Norwegian Students Abroad) har bygd opp eit kontaktapprat for dei gjenværande norske studentane i den kriseramma delstaten.
Av Tore Oksholen