– Stemninga her er avslappa. Vi nyttar dagane til å gå på kafé og spele golf, seier NTNU-student Tor Einar Lyngset frå sentrum av Sydney.
– Vi har vi ikkje merka så mykje til det fordi vi bur midt i byen. Det einaste eg har merka er at det ligg litt røyk på himmelen som ser ut som tåke og at det ligg ein del oske på strendene, fortel Lyngset.
– Dagane før nyttar kunne vi lukte røyken litt i byen. Elles er det fint lite action i sentrum. Eg har høyrt at norske studenter som i utkantane av byen har måtta evakuere, men eg vet ikkje kven det er, skriv Lyngset i ein epost til InnsidaUT. Lyngset studerer ved Institutt for datateknikk og informasjonsvitskap.
Ein kamerat av Lyngset var ute i Blue Mountains torsdag og såg brannane.
– Store områder der ute er tatt av brannen. Mellom anna har ein hel nasjonalpark brent ned. Dei aller fleste av brannane er påsett og politiet har de siste dagane teke eit titals personer i tilknyting til desse, fortel han.
Bare eit fåtal av brannane er under full kontroll og været den siste veka har auka faren for at den skal spreie seg vidare inn mot byen. Temperaturane har på mellom 30 og 40 grader, det kjem tørre vindar inn over det brannherja området.
– Stemninga mellom studentane eg kjenner er temmeleg avslappa. Vi har sommarferie nå, så dagane blir mest brukt til surfing, golfing og kafebesøk, fortel Lyngset.
ANSA, interesseorganisasjonen til norske studentar i utlandet, fortel at ein har dagleg kontakt med dei norske studentane i delstaten New South Wales, som er råka av brannane. Ikring 1000 norske studentar studerer her denne vinteren.
– Heldigvis er de fleste på jule- og nyttårsferie i Norge. Til nå har ingen av dei som er att, vortne skada eller direkte ramma av brannane, sier president i ANSA, Andre Nerheim.
Av Tore Oksholen