Dersom det vert avgjort at sjukehuset blir flytta til Dragvoll, vil SVT-dekan Jan Morten Dyrstad vurdere om ikkje fakultetet hans er fagleg tent med å bli verande på Dragvoll.
– Dette er noko vi må tenkje grundig gjennom. Det er ikkje gitt at vi er best tent med å flytte ned på Øya, seier Dyrstad. Han føreset at Det medisinske fakultet (DMF) flytter med til Dragvoll.
– Dei samfunnsvitskaplege faga samarbeider stadig meir med dei medisinske fagmiljøa. Med sjukehuset og DMF på Dragvoll, vil vi alle vera innaføre same campus. Når ein samanliknar dette med å bli flytta ned på ei tomt på Øya bak det nåverande MTS, kor det framleis er 10-15 minutter å gå for å kome opp på Gløshaugenplatået, er det ikkje sikkert at SVT-fakultetet har noko å tene på å flytte, seier Jan Morten Dyrstad.
Dekanen poengterer at den beste løysninga, sett frå hans synstad, var om SVT og HF fekk flytte inn i nybygg på eller tett ved Gløshaugen. Dette let seg ikkje gjere med dagens reguleringsplanar. Men, legg dekanen til: - Reguleringsplanar kan endrast.
- Det beste langsiktige mål for NTNU må vera å få heile universitetet samla på ein camus - som altså er "Gløsøya." Denne langsiktige løysinga kan vi skyte ei kvit pil etter dersom sjukehuset/DMF vert flytta til Dragvoll, seier dekan Jan Morten Dyrstad.
- Satsar ikkje pengar på Øya
– Om eg var student på Dragvoll, ville eg ikkje satse mange kronene på at eg fekk flytte til Øya, jamvel om sjukehuset vert flytta til Dragvoll.
Slik kommenterer NTNU-student og kommunepolitikar Kathinka Meirik resonnementet til SVT-dekanen.
Meirik er i ferd med å gjere ferdig medisinerstudiet. Ho vonar at sjukehuset blir verande på Øya. Dersom det likevel vert flytta til Dragvoll, skal ein ikkje kjenne seg for trygg på at resultatet vert eit makeskifte ved at SVT- og HF-fakulteta vert flytta ned på Øya. Meirik grunngjev varskoet sitt med omsynet til økonomi.
- Utan at eg har rekna på det, vil eg tru at det vert billegare å late dei to fakulteta bli verande på Dragvoll, samanlikna med ei flytting til Øya, seier Meirik.
NTNU-rektor Eivind Hiis Hauge er bortreist og førebels ikkje tilgjengeleg for kommentar.
Av Tore Oksholen