I 2001 vart det stole audiovisuelt utstyr for over ein halv million kroner frå NTNU. Men Staten er sjølvassurandør. I praksis tyder det at avdelingane må erstatte utstyret for eigne pengar.
Tjuveri av dyrt, lett omsetjeleg utstyr er eit aukande problem. AV-utstyr som videokamera, videomaskinar og liknande forsvinn i stort tempo, i første rekke frå auditoria. I fjor vart det stole slikt utstyr for 570 000 kroner. Det opplyser driftsleiar Marit Moe ved Teknisk avdeling.
Dette er antakeleg ikkje alt. Datamaskinar utanfor auditoria vert ikkje rekna med. Nyleg forsvann ei palle med PC-ar. Slikt gjer eit grovt innhogg i budsjetta.
Sjølvassurandør
Men avdelingane ved universitetet har ikkje høve til å forsikre utstyret sitt. Staten er sjølvassurandør. Det inneber at ein erstattar tapt utstyr sjølv. Sidan NTNU er ein offentleg forvaltningsinstitusjon, må universitetet følgje desse reglane.
Men det er ikkje sett av pengar sentralt til å dekke opp for tjuveri. Dermed må den einskilde avdelinga ta tapa over ordinære budsjett. Det er det mange som ikkje er spesielt glade for.
– Den gjennomgåande haldninga er at ein gjerne skulle hatt høve til å betale for å forsikre utstyret. Det seier seniorrådgjevar Ola Johannes Amdal ved Økonomiavdelinga. – Prinsippet om sjølvassurandør skaper problem for oss, spesielt i høve til eksternretta verksemd, seier han.
Internforsikring
NTNU kunne, dersom styret ville, ha sett av pengar internt for å dekke opp for slike tap. Det ville i praksis fungert som ei internforsikring. Men slik er det altså ikkje.
– Eg hugsar frå mi tid på NTH. Då emnet var oppe til diskusjon den gongen, var eit argument mot ei slik ordning at det kunne få folk til å slappe for mykje av, seier Amdal.
Dersom forslaga til endring i styringa av universiteta går gjennom, kan NTNU verte ei eiga juridisk eining. Då vil ein kunne avgjere desse spørsmåla sjølv.
Betre sikring
Moe fortel at ein arbeider intensivt med å betre sikringa av AV-utstyr i auditoria. – Det vil etter kvart bli slik at dersom uvedkommande trekker ut kontakten til slike apparat, slår ei sirene seg på samstundes som alarmen går hos vaktene våre. Om det er om kvelden og lyset er slått av, vil det bli slått på samstundes med at alarmen vert utløyst. I dei lokala som alt er sikra, er det stort sett slutt på tjuveria, seier Moe.
Av Tore Oksholen