MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

ExPhil: NTNU beste universitet (12.3.02)

NTNU kjem best ut av dei fire universiteta når det gjeld førebuande. "Stud.mag" si store undersøking viser at NTNU jamt over kjem godt ut når det gjeld kor nøgd studentane er. Men læraranes evne til å skape fagleg engasjement kunne vore betre.

Stud.mag 2002 er eit samarbeidsprosjekt mellom Aftenposten og dei tre regionavisene Adresseavisen, Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad. Magasinet inneheld ei spørjeundersøkinga som Norsk Gallup har utført saman med NIFU ? Norsk institutt for forsking og utdanning, på oppdrag frå dei fire avisene.

Av faga som NTNU tilbyr, er førebuande, biologi, kunsthistorie og siv.ing.Produktutvikling teken med.

Snitt 4.4
På ex.phil får NTNU snittkarakteren 4.4 (Tala viser kor stor andel av studentane som er nøgd. Tala er rekna om til ein karakterskala frå 1 til 6, med 6 som beste karakter). Av dei andre universiteta kjem Tromsø ut som nummer to med 4.1. Deretter kjem Bergen og Oslo med 3.9.

Totalt kjem høgskulane i Agder/Kristiansand og Lillehammer ut med betre resultat, med karakterane 5.0 og 4.8

Den faglege kvaliteten på undervisninga er god, med 66 prosent som seier seg nøgd. Elles vert tilgangen på pc/datautstyr, samt standarden på eigen busituasjon, framheva.

Derimot utmerker NTNU-studentane seg med å vera særs lite nøgd med læraranes evne til å skape fagleg engasjement. Bare 20 prosent - kvar femte student - seier seg tilfreds med situasjonen her. Både Tromsø og Bergen kjem betre ut, med 29 og 33 prosent. Oslo ligg på botnen, med 12 prosent.

Biologi
Når det gjeld Biologi kjem NTNU ut som nest beste universitet - 4.2 - med Tromsø føre seg, på snittkarakter 4.4. Så kjem Oslo med 4.0 og Bergen med 3.8

Universitetet i Oslo og NTNU er, saman med Høgskulen i Lillehammer, åleine om å bli vurdert i kunsthistorie. Lillehammer kjem best ut, med hovudkarakter 5.1, medan NTNU kjem på andreplass ? 4.3, mot 4.1 i Oslo.

NTNU er åleine om å bli evaluert i siving. produktutvikling. Her er 4.8 prosent nøgd med tilbodet totalt sett. Heile 89 prosent er nøgd med den faglege kvaliteten på førelesningane.

Tredje året
Dette er tredje året eit utval fag ved høgare lærestader vert evaluert av studentane. Ei samanlikning over dei tre evalueringane, viser at NTNU-fag tek andre- og tredjeplassen når det gjeld korleis lærestadene vert rangert. Medisin er nummer to, med snittkarakter 5.66, medan Siv.ing.indøk. kjem tett på med 5.64. Drama i Oslo er vinnaren, med 5.71.

Av Tore Oksholen


Heile Stud.mag finn du her.