- Sioniststaten Israel må boikottast på alle måtar, også akademisk, meiner NTNU-stipendiat og overlege ved St. Olavs Hospital, Eivind Witsø. Lørdag held han appell.
Appellen er ein del av ein punktdemonstrasjon i Trondheim sentrum, mot Israel si framferd mot palestinarane. Student-Attac ved NTNU er mellom initiativtakarane.
Kartla skotskader
Witsø avslutter nå si periode som doktorgradsstipendiat, og er tilbake som seksjonsoverlege ved Ortopedisk avdeling. Witsø hadde, saman med kollega Øyvind Nygård, eit korttidsopphald ved det sentrale Shifa-sjukehuset på Gaza for eit års tid tilbake, kor dei mellom anna kartlagde skotskader mellom pasientane. Svært mange av dei som vart operert av Witsø og Nygård var barn. Mange med skotskader i hovudet.
Israelske soldatar si framferd mot palestinske helsearbeidarar har opprørt ei heil verden. Men dette er ikkje noko nytt - i Palestina er helsepersonellet ein del av krigen, fortel Witsø.
- Dei såkalla "paramedics" er dei store heltane i denne krigen. Ein paramedic er ambulansepersonell på høgt fagleg nivå. Der er desse folka som går inn i kuleregnet og hentar pasientane, og mange av dei har blitt treft av siraelske kuler, seier han.
Frustrerande
Kva vil du seie på lørdag?
- Det ein kjempar i mot, er Sioniststaten Israel. Israel må boikottast. Eg vil ta til orde for ein akademisk boikott av Israel. Eg går inn for ein tostat-løysning. Sioniststaten Israel er i dag både jødar og palestinarar sin verste fiende, seier Witsø, som tenker på palestinske kollegaer og vener når dei brutale bileta flimrar over TV-skjermane.
- Det oppleves som svært frustrerande å gå her heime og ikkje gjere noko.
- Ikkje jødehat
Witsø er svært oppteken av at motstanden mot framferda til den israelske militærmaskina ikkje har noko å gjere med jødehat.
- Det er viktig å ikkje blande dette saman med antisemittisme. Eg vil oppfordre jødar spesielt til å kome på banen. Ved å ta avstand frå galskapen som Sharon har sett i stand, kan jødar i Trondheim gjere sitt til å få fram denne skilnaden, seier Eivind Witsø.
Av Tore Oksholen