Ei gruppe studentar nytta 14 dagar til å leike seg fram til eit nytt produkt. Nå tek dei ut patent. Venteleg til barnehageungane si store glede.
Kven? Ei gruppe studentar frå arkitekt, design, data, energi og miljø, medisin.
Kva? Utvikle nye produkt for barnehagar.
Kor hen? Institutt for produktdesign.
Korleis? Oppsøkje ei barnehage, snakke med ungar og vaksne, nytte teknikkar som gjer at brukarane får uttrykkje sine ønskjer og behov.
Kvifor? Studentane skal kunne lære å samarbeide over faggrenser, lære seg å bygge tillit, lære seg å lytte.
Når og kor lenge? To vekers kurs innovasjon i vårsemesteret.
Allsidig
Dagens studentar bør kunne mykje ulikt. Ved sidan av å vere flink i realfag, bør ein kunne snekre, teikne, ha vore borti drama. Det er heller ikkje dumt om ein kan traktere eit kamera og har lært eg avansert videoredigering.
Studentane som tok innovasjonskurset kjem i frå ei rad ulike fag. Gjennom kurset får ein presentert eit tema som ein skal jobbe med. Utgangspunktet er ein modell av barnehagen som studentane jobba vidare med.
Sentralt i metodikken er bruk av såkalla "probes," som er verkty til å få fram ønskene til brukarane. Ein slik probe kan til dømes vera eit ark som vart hengt opp på WC, kor ein kunne skrive ned tankar og refleksjonar, medan ein var ute i anna nødvendig ærend.
Sensur
Fredag var det eksamen, og tre grupper la fram resultata, i form av ein multimediaførestelling. Ekstern sensor Øystein Gutu var henta frå Oslo til å leie evalueringa.
Første gruppe nytta seg av amatørteater, historieforteljing, videosnuttar, plansjar og modellar til å fortelje kva dei hadde fått til, og korleis dei to vekene hadde blitt brukt.
Vi overvar første gruppe sitt framlegg. Produktet dei enda opp med å lage, hadde dei kalla "Bambo." Det såg mest ut som eit slags utandørslego, beståande av bambusstavar som kunne skruast fast til kvarandre med treklossar som det var hol i og som var påmontert store skruer.
- Ungane vart kjempebegeistra. Responsen deira gjorde at dei vaksne vart meir interessert i oss, og forstod at vi ikkje bare var ein snokegjeng som vasa rundt utan mål og meining, sa Henriette R Haavik i gruppa.
Og nå planlegg dei å ta patent på leika. Derfor får vi ikkje vise bilete av konstruksjonen før patentkontoret har handsama saka.
Lærarar har vore Erik Lerdahl og Jesper Pedersen.
Tekst og foto: Tore Oksholen