- Noreg blir sikkert EU-medlem ein gong, men det blir ikkje som nummer sju eller åtte, som ein hadde høve til ein gong. Kan hende blir det som nummer 32, etter Kroatia, seier EUs ambassadør i Noreg, Gerhard Sabathil. SE INTERVJU PÅ WEB-TV.
Sabathil besøkte Dragvoll fredag. Ambassadøren var invitert av Institutt for sosiologi og statsvitskap til å gjesteførelese over to emner; Foreståande utviding av EU, og korleis EU handterer krisa i Midtausten.
________
HER KAN DU SE VIDEO-OPPTAK av et intervju med Sabathil. Opptaket varer i to og et halvt minutt.
Opptaket kan enten sees i Windows Media Player
eller
Real Player (Anbefales hvis du har nettilkobling via ISDN).
Her kan du laste ned Windows Media Player.
og
herfra kan du hente ned Real Player.
________
Rektor Eivind Hiis Hauge tok imot Sabathil. Gjesteførelesinga samla god oppslutning, og ein vart nøydd til å skifte til eit større auditorium for å få plass til alle.
- Bare plikter
- Gjennom EØS-samarbeidet tek Noreg på seg bare plikter, medan ein har sagt frå seg muligheter til å påverke EU-avgjerslene. Slik sett er det kan hende like greitt for EU om ein let ting vere, sa Sabathil. Som ein spøk.
- Noreg vil bli medlem til slutt, men ein kjem langt uti rekka. Mange står allereie i kø, og det er meir sannsynleg at landet dykkar kjem inn som nummer 32 eller 36, meiner han.
Ambassadøren poengterte at unionen er noko anna i dag enn i 1994, då Norge sa nei førre gongen. - Denne endringsprosessen pågår heile tida, etter kvart som nye nasjonar kjem til.
Mange land vil bli med. Det siste er at også Marokko har søkt om medlemskap. Men Sabathil sa at enn så lenge er det ikkje aktuelt å handsame søknaden, sidan EU-charteret set medlemsgrensene ved Europas grense.
Israel og Palestina
Sabathil minte om at EU i sin tid starta som eit fredsprosjekt mellom Tyskland og Frankrike. Det perspektivet har ein enno med seg, seier han.
Dagen før ambassadørens besøk gjekk generalsekretær i FN, Kofi Annan, ut og bad det internasjonale samfunn om å vurdere å sende fredsskapande styrkar til Palestina. USA har så langt stilt seg relativt avvisande. Heller ikkje EU-ambassadøren kunne love at det vil kome noko positivt svar med det første.
- Det er for tidleg å ta endeleg stilling til dette, sa Gerhard Sabathil.
Tekst og foto: Tore Oksholen
Video-opptak: Fredrik Myklebust