Selskapet som leverte heime-pc-er til NTNU-ansatte, Itworks AS, har begjært seg sjølv konkurs. Ca. 350 NTNU-arar har inngått heime-pc-avtale med selskapet.
NTNU si interne brukerteneste, Orakeltenesta, overtek no støttefunksjonen for heime-pc-kjøparane, fortel IT-sjef Roar Aspli.
Men ingen veit enno kva som vil skje med kundeforholdet til kjøparane. Datamaskinane vert betalt over ei nedbetaling som går over tre år.
Kva skjer med nedbetalingsordninga?
Kjøpslova gjev kundar rett til reklamasjon på produktet dei første to åra.
Denne garantien kan falle bort når seljar går konkurs. I slike tilfelle vil ein kunne rette krav til det som i kjøpslova vert kalla "Bakenforliggande ledd." Det kan vere dei som har levert varer til det konkursramma selskapet.
Spørsmålet er om kjøparane er bunde til å halde fram med nedbetalinga som om ingenting har skjedd, dersom seljar ikkje oppfyller krava når det gjeld kjøpsgarantien.
380 ansatte
I ei pressemelding som blei sendt ut fra selskapet i dag heiter det;
"Itworks har i lengre tid opplevd et sviktende marked, og i fjor skjøt den negative utviklingen fart. Selskapet er påført store tap og utsikter til nye tap i et sviktende marked er grunnen til at styret har begjært selskapet konkurs."
Itworks har vel 380 ansatte i Oslo, Kongsberg, Drammen, Slependen, Kristiansand, Bergen, Trondheim, Stavanger, Tønsberg og Skien.
Selskapet er eigd av Telenor og EDB Business Partner, hver med 45 prosent, og Thrane Gruppen med 8,8 prosent.
Compaq-kjøparar bør vente
NTNU har avtale med fire PC-leverandørar, mellom anna Itworks, som forhandlar Compaq. - Dei som skal kjøpe Compaq må avvente situasjonen ei vekes tid, så kjem vi tilbake til kva for leverandørar og datamaskinar som skal komme i staden, seier Aspli.
Av Tore Oksholen