MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Fritt fram for fri vilje? (15.5.02)

getfile1.jpg
Morgenbladet har i det siste hatt ein debatt gåande om menneskas frie vilje i ei tid der genene og biologien får mykje merksemd.

Har menneska fri vilje, nå som genteknologane og andre biologar er på offensiven? Kan hende er omgrepet "fri vilje" bare noko vi seier, for å hindre moralsk utgliding?

Ein debatt om menneskas eventuelle høve til å velje fritt, har bølgja fram og tilbake i Morgenbladets spalter dei siste månadene. Biologar og filosofar har stått på barrikadane - for det meste på kvar sin side. Utgangspunktet for debatten er filosofen Lars Svendsens verk "Mennesket, moralen og genene" frå 2001.

Gammal diskusjon
Spørsmålet vart sett opp til debatt i Vitskapsteoretisk Forums møte tysdag. Filosofane, representert ved stipendiat Kjetil Audsen og professor Audun Øfsti, og førsteamanuensis Jørn Hokland ved Institutt for informasjonsvitskap og datateknikk, innleidde til debatt. I kring tretti tilhøyrarar hadde møtt fram.

Diskusjonen om fridom og vilje er like gammal som filosofien - og Kristendomen. Naturvitskapane har gjentekne gonger gjort oppdagingar som har fått ein til å gravleggje den frie vilja - mennesket var, når alt kom til alt, bare ei maskin. Men like raskt som gravlegginga var gjort, så står den gravlagde opp att. Det finst mange måtar å nærme seg spørsmålet. Ein veg er denne: Dersom det er mulig å spå korleis du vil oppføre deg, mao at handlingane dine følgjer visse lover - har du då fri vilje?

Fridomen og det forutsigbare
To posisjonar.
Audsen: - At ein persons handlingar ikkje er forutsigbar, er ikkje noko teikn på fri vilje.
Hokland: - Å ikkje vere forutsigbar er nøkkelen til fri vilje.
Øfsti: - Normativ tillit forutset at ein er forutsigbar.

Audsen tok tak i David Hume for å forklare kvifor eit menneske må kunne forutseiast, for at ein skal ha fri vilje.
- Ein galning kan ikkje forutseiast. Men ein galning er ufri, sa Audsen.
- Derfor kan vi seie det slik: Frie handlingar er handlingar som er forårsaka av stabile psykologiske trekk.
Hokstad på sin side meinte at det å ikkje vere forutsigbar, er sjølve nøkkelen til fridom.
- Eit fritt menneske er eit menneske som har så stor variasjon i sine handlingar at handlinganes sannsynlegdomsfordeling er fullstendig uforutsigbar for andre.

Fridom og tillit
Hokstad la ned eit fundamentalt skilje mellom normativ og deskriptiv fridom. Normativ fridom er den pragmatiske frodomen, den som seier at "mennesket må tilkjennast fri vilje fordi har ønskte konsekvensar." - Vi kan kreve at individa er ansvarlege, anstendige, humane, osb.

Professor Øfsti meinte at normativ tillit forutset at ein er forutsigbar.
- Ein kan ikkje stole på nokon som står fram som uberekneleg, sa Øfsti, som poengterte at ein må halde fast ved at det finst grunnar til menneskas handlingar.
Her fekk professoren svar på tiltale frå Hokland.
- Eg har ikkje høyrt Øfsti kome med eit einaste deskriptivt argument for den frie vilje. Normative argumenter er OK, men dei er ikkje interessante her.

Og med det enda nok heilt sikkert ikkje debatten.

Av Tore Oksholen