MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

NTNU pilot i helsereform (24.5.02)

roros.jpg
Dekan Stein A Evensen gjorde under konferansens andre dag eit tappert forsøk på å teikne opp den nye styringsstrukturen for helsevesenet. I forgrunnen sit direktør Paul Hellandsvik i Helse Midt-Noreg.

Røros: NTNU er pilotuniversitet i ei viktig reform innan helsevesenet. Utdanninga av spesialistlegar blir teken over av universitetet og helseføretaket.

Kven skal utdanne spesialistar innan medisin - barnelegar, psykiatrar, osb? Korleis kan ein sikre at denne opplæringa blir best mulig, og helst betre enn i dag?

I dag er det slik at Den norske Lægeforening har ansvaret for spesialistutdanninga innan helsevesenet. Utdanninga er stipulert til fem år, men tek i gjennomsnitt åtte år. Det er inga endeleg eksamen i teoridelen, opplæringa består mykje av å samle opp godkjende timar. Godkjenninga følgjer automatisk når ein har delteke i dei føreskrivne kursa.

DMF og Helseføretak Midt-Norge
Pilotprosjektet vert starta opp ved Det medisinske fakultet (DMF) frå hausten, forutsett at finansieringa går i orden. Då vil fakultetet starte undervisning, i første omgang innan fire spesialitetar:

  • Anestesi
  • Psykiatri
  • Barne- og Ungdomspsykiatri
  • Pediatri (barnelege)

    Ein femte retning vil óg bli inkludert. Det er enno ikkje klart kva. Det vil bli teken opp åtte kandidatar i kvar spesialitet.

    Prosjektet går i samarbeid med det nyoppretta Helseføretak Midt-Norge, som skal ha hand om den praktisk-kliniske opplæringa, og opplæringa av pasient og pårørande/utdanning av helsepersonell. DMF skal ha ansvaret for den teoretiske opplæringa, og ei eigen fordjupingsoppgåve som går over tre semester.

    Denne oppgåva utgjer, saman med at det nå vert innført formell evaluering av kandidatane, det kvalitativt nye i pilotopplegget.

    Raskare ferdig
    Prodekan Torstein Vik presenterte pilotprosjektet under det Nasjonale dekanmøtet for medisin som vart arrangert på Røros 21-23 mai. Vik trur reformen vil føre til betre kvalitet på utdanninga. Vidare vil den samla utdanningstida venteleg gå ned, ved at kandidatane vert stimulert til å gjere studiet unna, helst på dei normerte fem åra.

    Legeforeninga mot?
    Dersom forsøket ved NTNU fører fram, vil Den norske lægeforening måtte gje frå seg ein tung aktivitet til universiteta og helseføretaka. Her er det også pengar inne i biletet. I dag vert spesialistutdanninga finansiert gjennom fond som foreninga styrer. Desse vert finansiert mellom anna gjennom pasientbetaling.

    Dersom Legeforeninga må gje frå seg spesialistutdanninga, kan det bli stilt sprøsmål om framtida og råderetten over desse fondsmidlane.

    Legeforeninga hadde sine representantar til stades då Vik la fram forslaget sitt. Ingen tok ordet for å argumentere mot pilotprosjektet. Avdeligsleiar Hans Holm i Legeforeninga seier i ein kommentar at ein vil vente og sjå korleis det går med pilotforsøket ved NTNU.

    Fryktar du for økonomiske konsekvensar dersom forsøket fører til at universiteta og helseføretaka tek over ansvaret for godt?

    - Pengar er ikkje eit tema her, seier Hans Holm i Den norske Lægeforening.

    Synleggjere FoU
    Under konferansen vart det diskutert kva for konsekvensar det vil få for forsking og utdanning, når helseføretaka nå tek over eit ansvar som før låg innaføre sjukehusa. Mange meinte at ein nå vil få gjort synleg kva FoU eigentleg kostar, både i form av pengar, men ikkje minst som tapt pasientproduksjon som følgje av at doktorane bruker tida til å forske.

    - Det er nærast overmenneskeleg å skulle prioritere FoU i sjukehusa, når pasientane dør medan dei står på venteliste, sa direktør Geir Stene-Larsen i Nasjonalt folkehelseinstitutt.

    Kjem pengane fram?
    Dekan Stein A Evensen ved DMF, Universitetet i Oslo, uttrykte på si side bekymring for om pengene kjem fram, når den nye styrigsstrukturen er oppe og går. Dei fem regionale helseføretaka er det berande element i denne strukturen, men ein er heilt avhengig av at dei nye samarbeidsorgana fungerer som dei skal, sa dekanen.

    - Elles er vi redd for at tilskota til universitetssjukehusa ikkje skal komme dit dei skal, sa Evensen.

    Tekst og foto: Tore Oksholen

  •