Unni Eikeseth (28) skulle eigentleg snart vore ferdig med doktorgraden ved NTNU. Ho fann ut at det er artigare å intervjue forskarar enn å bli forskar. Til hausten vert ho Newton sitt andlete mot verda.
Redaksjonen i NRKs populærvitskaplege program for barn og unge - Newton - har flytta til Trondheim. Ei heilt ny redaksjonsgruppe er etablert. Også programleiaren er ny.
Eikeseth er opphavleg frå Førde i Sogn og Fjordane. Den tidlegare stipendiaten i organisk kjemi stilte på audition i NRK. Utan journalistisk bakgrunn, men med vitskapeleg røynsle, fekk Eikeseth jobben. Kvifor?
- Fordi eg er flink, svarar ho. Og legg så til:
- Det var eit ønske om å få inn folk som kan naturvitskap.
Variasjon
Unni Eikeseth er ei mangslungen ung kvinne. Ved sidan av studiane har ho vore med i torturgruppa til Amnesty sitt studentnettverk i Trondheim. Ho er også styremedlem i Trondheim Filmklubb. Studiar i Spania, Irland og Australia har det også vore tid til.
- Det var ønsket om å ha ein meir variert arbeidsdag som gjorde at eg søkte permisjon frå doktorgradsstudiet i fjor, og nå bestemte meg for å velje bort forskarkarrieren. Dette er meir interessant. Eg likar å spreie aktivitetane, vere innom ulike miljø, seier ho.
Vi får inga programerklæring på strak arm. Først må ho gå programleiarkurs.
- Men ein ting veit eg: Det er viktig å vere naturleg, ikkje late som. Då vert du avslørt. Og: Ikkje snakke nedlatande til dei unge. Vere vanleg.
Eikeseth avløysar Ole Andre Sivertsen i jobben som programleiar. Sivertsen har vore mektig populær, og ho medgir at det kjennest litt som å "hoppe etter Wirkola."
- Eg kjem ikkje til å prøve å kopiere han, men satse på å vere meg sjølv.
Tekst og foto: Tore Oksholen
Heimesidene til Newton-redaksjonen i NRK finn du her.